Dei vil sende jordbruksmeldinga i retur

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) fekk klar tale då han i dag møtte vestlandsbønder på Skei.

Diverse bilete frå møte mellom bønder på Vestlandet og landbruksministeren. Sterke reaksjoner.

MYKJE MOTBØR: Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) på talarstolen på Skei. Foto: Arne Stubhaug. Redigering: Steinar Lote.

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) fekk klar tale då han i dag møtte vestlandsbønder på Skei.

Bønder frå heile Vestlandet fylte møtesalen på hotellet. Få av dei hadde skryt å kome med. Geitebonde Vidar Sandal visualiserte motstanden ved å syne fram ei "knørva" jordbruksmelding til statsråden.

– Eg vel å knørve det som står om geitemjølk og forkaste heile meldinga.

Andre sa til NRK etter møtet at når ein er sint er det best å ikkje seie noko. Difor tok dei ikkje ordet.

Men kritikken såg ikkje ut til å gjere særleg stort inntrykk på landbruksministeren.

– Alternativet som mange av dei argumenterer for er å stå heilt stille, og eg trur ikkje utviklinga blir best om ein står på dagens posisjon og håpar at den varer lengst mogeleg.

No skal ministeren reise landet rundt for å svare på kritikken frå dei siste vekene.

Snart vert FM-bandet sløkt. Framleis er det dårleg DAB-dekning i tunnelar.
Ber Gud om hjelp mot det norske barnevernet