I dag starta ein landsomfattande kampanje, der målet er å få vekk sjukehusinfeksjonane. Barnelærdommen om at såpe og vatn gjer hendene reine er altså ikkje lenger god latin i det norske helsevesenet. Maren Erland er hygienesjukepleiar ved Førde sentralsjukehus, og er ansvarleg for at kampanjen Nasjonalt folkehelsinstitt no har sett i gang over heile landet vert gjennomført der. Dei vil sette fokus på handhygienen på sjukehusa, og byte ut såpe med desinfiserande spritgele.
Ein sprut i handa
Rundt om på sjukehusa vil det no kome massevis av små og store flasker med spritgele. Ein sprut i handa skal gniast godt inn og fordampe, og så er handvasken unnagjort.
- Blir flinkare med handhygiene
Smittevernlege Reidar Hjetland seier han trur sjukehustilsette no vil bli flinkare til å ha god handhygiene. Sjukepleiar Irene Valaker kjem ikkje til å savne såpevasken.