Hopp til innhold

I dag startar seks dagar ultraløp for kreftsaka

I seks dagar skal føtene hans gå som trommestikker - til inntekt for kreftsaka.

Esben Rohit Hellebø

SPRING FOR MOR SI: Målet til Esben Rohit Hellebø frå Høyanger er å springe 5 mil kvar dag i seks dagar - for kreftsaka.

Foto: Sondre Lingås Haukedal

– Målet er å springe 50 km om dagen dei kommande seks dagane, alt som er meir om det vil vere bonus, seier Esben Rohit Hellebø som skal delta i ultraløp for kreftsaka.

Søndag klokka 12 gjekk startskotet for norgeshistorias første seksdagarsløp. Der må deltakarane springe minst 50 km om dagen i seks dagar, og minst 300 km totalt.

Mista far sin i kreft

– Her er det mykje som spelar inn - temperaturar og sol. Men eg har ein plan, så eg håpar det går, seier Rohit Hellebø.

35-åringen frå Høyanger mista far sin av lungekreft i 2013 og tidlegare i år fekk også mora ein kreftdiagnose. No skal han springe til inntekt for kreftsaka, og så langt har han samla inn 26 000 kroner. Målet var å samle inn 70 000.

– Akkurat det ser litt mørkt ut. Men det er jo lov å håpe. No skal eg faktisk byrje å springe så eg reknar med at eg kan få inn litt til, seier Rohit Hellebø.

Dårleg respons frå bedriftene

Det har vore veldig vanskeleg å få bedrifter til å sponse kreftsaka.

– Det har vore nokre få bedrifter som har meldt seg, så eg er takknemmeleg for dei. Men det er litt trist at det er så vanskeleg, seier han.

Idéen om å springe for kreftsaka fekk han under eit 50 kilometersløp i Oslo tidlegare i år.

Så langt er det 25 påmelde til løpet.

– Vi er ein eksklusiv gjeng, kan du seie.

No bur han seg på løpet og håpar å sikre nok væskeinntak og mykje næringsrik mat. Han finn uansett mykje motivasjon i å springe for kreftsaka, og ikkje minst for mor si.

– Mor mi kjem nok til å sitte å følgje med, og ho har ringt for å ønskje meg lukke til, så ho set veldig pris på det.