Hopp til innhold

Sprengte eldgammal mine i fillebitar

STAD (NRK): Den har vore på havbotnen i over 70 år. I går vart mina sprengt i fillebitar i Seljevågen ved Stad.

Sprengde gamal kringsmine

SOLID SØYLE: Den gamle mina frå 2. verdskrig blei sprengd ved Stad.

– Dette var ein vellukka operasjon, og no er det ei mine mindre på kysten vår, seier skipssjef Stian Berge på KNM Hinnøy.

Låg på nøyaktig same staden

Frå morgontimane tysdag arbeidde mannskapet på minejaktbåten KNM Hinnøy for å sikre ei trygg sprenging av mina frå den andre verdskrigen.

Mina vart observert då den vart droppa i Seljevågen ved Stad for over 70 år sida, og i fjor sommar var Forsvaret på staden for å undersøkje om den var på same plass enno.

– Og vi fann den på akkurat den staden vi hadde fått tips om, fortel Berge.

Men jobben med å fjerne og destruere mina vart ikkje like lett som først tenkt.

Krevjande farvatn, røyr og leidningar og nærleik til hamn samt utfordrande botnforhold rundt området der mina låg førte til at KNM Hinnøy måtte bruke noko ekstra tid på oppdraget.

Brukte ballong på mina

Stian Berge

NØGD: Skipssjef Stian Berge på KNM Hinnøy var godt nøgd etter jobben var gjort.

Foto: Steinar Lote / NRK

– De flytta mina?

– Minedykkarar heva mina ved hjelp av ein ballong vi bruker til dette arbeidet, og vi fekk flytta mina til ein tryggare stad, seier Berg.

Jobben med å destruere miner frå andreverdskrigen er av mange oppgåver Sjøforsvaret har i fredstid. Det ligg om lag 10.000 miner att langs heile kysten vår, og desse skal vekk.

– Minene kan i nokre tilfelle utgjere ein risiko for dykkarar, dei som arbeider under vatn og andre som kan kome bort i dei utan kunnskap, seier skipssjefen.

Men det er ikkje mogleg å finne alle minene som ligg att etter krigen.

– Å finne tusenvis av slike miner er krevjande arbeid.

Tok mange timar

Minesprenging

BALLONG: Mina måtte flyttast til ein trygg stad før forsvaret kunne sprenge den. Ved hjelp av ein luftballong gjekk oppdraget som planlagt.

Foto: Steinar Lote / NRK

Det var til tider skodelystne som var samla for å få med operasjonen, og det gjer arbeidet endå meir krevjande.

– Personalet sin tryggleik er viktig på slike oppdrag, og vi gjer det vi må gjere for å halde området vi arbeider i trygt, slik at vi kan klare å gjennomføre oppdraget.

Og etter fleire timar med arbeid både over og under vatn var det klart for eksplosjonen.

Ved hjelp av Forsvaret sine eksplosiv vart mina sprengt i lufta.

– Dette var ein vellukka operasjon, seier Berge.