Sprengingsuhell stengjer fylkesveg i 10 dagar

Ei bru på fylkesveg 92 har fått store skader i samband med sprenging i eit steinbrot. No kan vegen bli stengd i 10 dagar.

Sprengingsuhell på fylkesveg 92

STORE SKADER: Sprenginga førte til at brua blir stengd i mange dagar framover.

Foto: BKK

Sprengingsuhellet skjedde onsdag på fylkesveg 92 mellom Bjordal på Høyanger sørside og Matre i Nordhordland.

Kommunikasjonsrådgjevar Jarle Hodne i kraftselskapet BKK beklagar at uhellet påfører trafikantane ein lang omkøyringsveg.

– Vi er veldig leie oss for at denne hendinga har ført til ulempe for trafikantane. No vil vi i lag med Statens vegvesen bidra slik at brua blir sett i stand så snart som mogleg.

Uhellet skjedde i samband med vedlikehaldsarbeid på eit damanlegg ved Stordalsvatnet der dei hentar ut stein.

– Det skjedde dessverre eit uhell som førte til at større steinar fall ned i vegbana på brua og gjorde skade.

Hodne seier at ingen personar kom til skade og at vegen allereie var stengd i samband med sprenginga.

– Arbeidet var i ferd med å bli avslutta, så det vil ikkje få konsekvensar for det arbeidet vi har ved dammen. Men no skal vi gjere ei undersøking for å finne ut korleis dette kunne skje

Statens vegvesen vil gjere ei ny vurdering 24. september om når vegen kan opne igjen.

Laster kart, vennligst vent...

UHELL: Brua som blei øydelagd ligg på fylkesveg 92 mellom Bjordal i Høyanger og Matre i Nordhordland.