Hopp til innhold

Framtidas rassikringstiltak - ny teknologi bruker sprengstoff for å hindre ras

Ny teknologi tek i bruk sprengladningar for å hindre ras. Eit forskingsprosjekt på Tyin–Årdal har gjeve gode resultat.–Eit viktig verktøy, meiner Åshild Kjelsnes.

Wyssen snøskredtårn

SJÅ VIDEOEN: Med kontrollerte sprengingar kan teknologien brukast til å hindre større ras i å kome ned fjellsidene.

– Teknologien ser ut til å fungere, og det er eit viktig supplement å ta med seg vidare. Vi må ha fleire tiltak som kan vere med hindre ras, seier Åshild Kjelsnes, som er leiar i Nasjonal rassikringsgruppe og fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

På den rasutsette strekninga på Tyin–Årdal har ein testa ut opplegget. Snødkredtårn blir plassert ut i terrenget med sprengladningar, som løyser ut mindre og meir kontrollerte ras, før store og uventa ras kjem ned fjellsidene. I to år har Statens vegvesen vore med på testinga, og erfaringane er gode.

Dagmar skapte problem, elles gode erfaringar

– Vårt mål var å sjekke om batterikapasiteten var som den skulle og ladningane gjekk av når dei skulle. Vår erfaring er at det fungerte fint, seier prosjektleiar og geolog i Statens vegvesen, Njål Farestveit.

Teknologien er utvikla i Sveits og Austerrike, der det i dag er sett ut over 250 slike tårn som skal hindre ras i skianlegg, jernbaneovergangar og vegar. Systemet blir styrt gjennom ei datamaskin, og eit solcellepanel og vindgenerator sørgjer for nødvendig kraftforsyning, slik at det ikkje trengst kablar til anlegget.

– Det er litt mindre sol i Sogn enn i Alpane, så vi hadde litt problem med solcellekapasiteten i januar, men då fekk vi laga ei vindmølle. Dessverre tok uvêret Dagmar knekken på den, men alt i alt har dette fungert godt, seier Farestveit.

Avhengig av kunnskap for å utnytte teknologien best mogleg

For å nytte teknologien best mogleg er ein avhengige av å løyse ut snøen når rasfaren er aller størst. Første året trefte ein ikkje alltid heilt godt, så Farestveit la seg inn på ei hytt på Tyin andre året for å følgje vêr og forhold tettast mogleg.

– Vi trefte endå betre med utløysing av skred andre året, seier han om erfaringane.

Sogndal som norsk base for teknologiselskapet

Sidan prosjektet baserer seg på sprengstoff, måtte leverandøren også skaffe seg godkjenning frå Direktoratet for tryggleik og Beredskap, og i desember var løyvet på plass. Det betyr at Stian Langeland i Sogndal truleg får meir å gjere.

Stian Langeland i Wyssen

ARBEIDER MED TEKNOLOGIEN: Stian Langeland undersøkjer no kva andre stader i Noreg det kan vere aktuelt å sette opp snøskredtårn for å hindre ras.

– Mange andre løysingar er så kostbare, at når ein ser på trafikken på vegen og kostnadane for å få vegen rassikra, så er det ikkje samfunnsøkonomisk. På prosjektet på Årdal–Tyin rekna Vegvesenet ut at ei løysing med snøskredtårn kunne vere opptil 95 prosent lågare samanlikna med kostnadar knytt til tradisjonelle skredsikringsmetodar, seier Langeland. Han er norsk representant for selskapet Wyssen, som står bak teknologien.

Han har sjølv studert ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og spesialisert seg mot snø og snøskred.

– No ser eg på skredsikringsplanar som er laga rundt om, og ser kvar det kan vere aktuelt å sette opp teknologien, fortel han.

– Eignar seg ikkje alle stader

Sjølv om teknologien kan vere rimeleg samanlikna med andre, så eignar den seg ikkje overalt.

– Nær busetnad der dei utsprengde rasa kan kome ned og truge hus, eignar det seg ikkje. Og så må ein vurdere kvar stad for seg. Nokre stader vil det gjerne vere betre med rasvollar sidan lausmassar er lett tilgjengeleg, eller det kan vere andre ting som spelar inn, fortel Farestveit.

Forventar at teknologien blir teken i bruk

Vegvesenet er så godt nøgd med teknologien at dei vil teste den ut vidare, og set i gang eit nytt prosjekt på Tyin.

– Vi skal ha eit nytt prosjekt på Tyin–Årdal der vi sikrar sju-åtte skredløp langs vegen på denne måten. Så får vi sjå kva erfaringar vi får derfrå, før vi går vidare. Men, eg trur dette er ein teknologi som vi vil sjå fleire stader etter kvart, seier Farestveit.

Åshild Kjelsnes trur også at det er noko som ein vil satse på framover.

– Eg reknar med og forventar at dette tiltaket blir vurdert og brukt der det er hensiktsmessig. Rassikringsgruppa har som mål å sikre norske vegar innan 2030, og vi må ta i bruk alle metodar vi kan, understrekar Kjelsnes.