Hopp til innhold

Spreke sko frå Dale

Topp-designerar er på besøk i Dale for å sprita opp dei tradisjonelle skoa frå fabrikken der.

Ny skodesign i Dale
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dagleg leiar i Dale sko, Olav Hjelmås, var litt skeptisk til å opna fabrikkdørene til seks fritenkjande designerar.

- Det virka litt stort og svevande i starten, men etterkvart som me fekk snakka litt meir om det, tykte me at det var verdt å prøva, seier leiaren.

Samarbeid

Dei siste dagane har dei internasjonalt profilerte designerane samarbeida med arbeidarane på skofabrikken i Dale. Initiativtakar var svenske Otto von Busch, som ønskjer å gjera skoa i Dale meir spennande.

- Me prøver å sjå korleis me kan forandra dei modellane som allereie blir produserte her i Dale. Skoa herfrå er jo ganske tradisjonelle og det er spennande å sjå kva som kan gjerast utan å forandra grunnmodellane, seier von Busch.

Draumesituasjon 

Designer Ulla Chauton.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Den svenske designaren ønskjer altså å forandra forsiktig. For å gjera det skal han samarbeida med produksjonsleiar Arne Valvik i Dale sko.

- Dette er veldig interessant for oss. Me får nye idear, det er kreative folk me har på besøk i Dale no. Litt kaos er det jo i og med at dei bare er innom her nokre få dagar, men veldig kjekt, seier Valvik.

Trass i litt kaos stortrivst designarane, særleg Ulla Chauton.

 - Dette er absolutt ein draumesituasjon for meg som designer. Det å få til noko slikt i vesle Norge er heilt unikt. Me lærer masse, seier ho.