Hopp til innhold

Spreidde rundt seg med narkotika på privatfestar

Sunnfjordingane inviterte til privatfestar på løpande band då dei flytta saman. Her delte dei ut hasj og ecstasy til dei som ville ha.

Sogn og Fjordane tingrett

DØMD: Ein sunnfjording i 20-åra må i løpet av femmånader gjennomføre 148 timar samfunnsstraff.

Foto: Oddleif Løset / NRK

No er den eine dømd til 148 timar samfunnsstraff.

Politiet fekk fleire meldingar om festing og bruk av narkotika då mannen i 20-åra flytta saman med ein kamerat i ein tettstad i Sunnfjord.

Under ein uroaksjon i oktober 2016 fekk politiet stadfesta mistanken. Beslaget var på 74 ecstasy-tablettar og 12 gram hasj. På rommet til sunnfjordingen fann politiet 31.300 kroner i kontantar som politiet meiner stamma frå sal av narkotika.

Men beslaget var langt mindre enn kvantumet mannen vedgjekk å ha kjøpt av dei ulovlege rusmidlane. Sunnfjordingen vedgjekk ein til to bergensturar i månaden for å kjøpe totalt ein halv kilo hasj. I Ålesund, Eid og Bergen kjøpte han ved fleire høve ecstasy. Totalt 200 tablettar.

Delar av dette selde han, men under festane delte han også ut til dei som ville ha.

Mannen vedgjekk at festinga og den gåvmilde haldninga gjekk over styr. Folk avtalte at dei skulle betale for seg, det vart det ikkje alltid noko av.

Sogn og Fjordane tingrett såg straffeskjerpande på at mannen selde og gav vekk narkotika på festar der ungdomar under 18 år var til stades.

Sunnfjordingen vart frifunnen for kidnapping under innkrevjing av narkotikagjeld. Saman med tre kameratar reiste han heim til ein som hadde «krita» 100 gram hasj. Vedkommande hadde ikkje pengar og skulle vere med på ein biltur for å låne pengar. Retten fann det bevist at fornærma vart frakta i bagasjerommet, men såg ikkje vekk frå at den fornærma kunne ha misoppfatta situasjonen og lagt seg der frivillig.

Det vart aldri nytta truslar eller vald i situasjonen.

Påtalemakta kravde fengsel i ti månader og inndraging av det beslaglagde beløpet. Saka har hatt ti månader liggetid hos politiet, noko retten såg formildande på. Etter uroaksjonen for nær to år sidan, har mannen også vist ei positiv utvikling.

Sunnfjordingen har i stor grad brote med sitt gamle nettverk, har flytta til ein ny stad og står no i fast jobb. Mannen tok også initiativ til å la seg teste for rus bruk. I over eitt år har han levert reine prøvar.

Retten meiner ei fengselsstraff vil vere uheldig for mannen, og dømde han til 148 timar samfunnsstraff.