Hopp til innhold

Spreidde glede for 27. gong

FØRDE (NRK): Målarkunst, dans, song, skodespel og ein eigen musikal stod på programmet. Nær 300 personar var i helga samla til den årvisse Kulturfestivalen for menneske med utviklingshemming.

Sist helg var funksjonshemma frå heile Sogn og Fjordane samla til NFU sin årvisse kulturfestival i Førde. Etter mykje øving gjennom helga, avslutta deltakarane med sin heilt eigen musikal.

SJÅ VIDEO: Stor stemning då utviklingshemma laga sin eigen musikal-vri på Olsenbanden.

– Menneske utviklingshemming frå heile fylket har vore samla. Vi har hatt 10 ulike kurs som har gått parallelt. Alle har øvd til ei framsyning, ein musikal på søndagen med Olsenbanden som tema, fortel Gry Sætre.

Gry Sætre og Jorunn Bakke Nydal

– EIT HØGDEPUNKT: Festivalsjefane Gry Sætre og Jorunn Bakke Nydal seier Kulturfestivalen er årets høgdepunkt.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Ho er leiar i Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU) i Sogn og Fjordane. Saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerte NFU i helga kulturfestival tre dagar til ende på Scandic Sunnfjord Hotell.

– Vi er om lag 100 deltakarar kvart år. Dei kjem igjen år etter år. Dette er noko dei gler seg til. Allereie no har vi fått påmeldingar til neste år, konstaterer Sætre.

Samla, med støttekontaktar, assistentar og pårørande trekkjer festivalen mellom 200 og 300 menneske over 16 år.

Kulturfestival for funksjonshemma

MANGE SJANGRAR: Nokre nytta helga til å lære seg kunstmåling. Andre fekk spele i band, mens nokre dansa. Alle deltok dei i musikalen som avslutta festivalen søndag.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Truga tilbod

– Målet er å gjere kultur meir tilgjengeleg for alle. Vi jobbar også opp mot kommunane om å få gjort kulturen meir tilgjengeleg for alle. Nokre har godt tilbod, andre kommunar har lite tilbod. Fleire gir uttrykk for at det dei har er i ferd med å forsvinne. Stillingar blir kutta. Vi må få politikarane til å prioritere dette, seier Jorunn Bakke Nydal som er musikkterapeut tilsett i fylkeskommunen.

Kulturell døropnar

Nydal trur festivalen, som i år vart arrangert for 27. gong, er ein viktig døropnar inn i kulturen for ei gruppe som i stor grad er avhengige av hjelp frå andre. Frå fredag til søndag kunne deltakarane velje blant ulike kurs med alt frå måling til dans og skodespel.

– Vi har med oss instruktørar frå heile landet, og musikkterapistudentar frå Universitetet i Bergen. Dei leiar kursa, og alle jobbar fram mot den same musikalen. Det er fantastisk. Det er det største eg gjer i løpet av året, fastlår Nydal.

I videoen øvst i saka kan du sjå resultatet etter tre dagar med øving. Ein musikal der både musikk, dans og skodespel blir utført av utviklingshemma.