Hopp til innhold

Sprang sitt 444. maraton på 4.44,44

1. april sprang Inge Asbjørn Haugen (59) sitt 444. maraton – og det på tida 4.44,44. Han meiner sjølv han er over snittet oppteken av tal, noko som fell naturleg for ein som jobbar i skatteetaten.

Inge Asbjørn Haugen

SPREKING: Inge Asbjørn Haugen frå Hornindal IL er ihuga maratonløpar.

Foto: Bjørn Hytjanstorp

– Eg jobbar til vanleg i skatteetaten på Nordfjordeid, så tal er nok noko som opptek meg ein del, seier Haugen som spring for Hornindal IL.

Det var Fjordingen som først skreiv om saka.

Det var årets Påskemaraton i Drammen som var kulisse for det heller "runde" talet maraton for Haugen. Og det er ikkje første gong han har sprunge der. Faktisk var det der det heile starta.

– Eg byrja faktisk i Drammen i 1984. Då sprang eg det som då heitte Drammensmaraton, fortel Haugen.

Venta eit par minuttar

At tida vart så spesiell som ho no vart, skuldast litt hjelp frå Haugen sjølv.

– Eg måtte vel stoppe eit par minuttar for å få det til. Men eg såg sjansen til å få dette akkurat, så då gjorde eg det, seier Haugen, som til slutt enda på 37. plass.

Det burde sjølvsagt vore 44. plass, men det er ikkje alt ein kan time.

Men det er første gong han gjer noko slikt for å få ei "rund" tid.

– Men ein gong eg sprang på Hareide, sprang eg på 3.33,33. Det er jo ei velkjend tid frå OL i 1952 som Veikku Hakulinen hadde på femmila. Utan samanlikning, seier Haugen og ler.

Feirar 60 årsdagen med maraton

– Men du har no runda 444 maraton. Kor lenge skal du halde fram?

– Eg er så gamal og fornuftig at eg tek eitt løp om gongen. Det er to ting som gjeld, det er å halde seg skadefri og å fullføre løpet. Men det tek jo litt tid, seier Haugen.

Sprekingen fyller 60 år den 27. april. Men då er han vekkreist på dagen.

– Då skal eg til Bergen og springe maraton. Det blir nummer 448, har eg rekna meg fram til, seier Haugen.

Neste helg skal han springe Maratonkarusellen i Fana. Og timeplanen er full, det har han vore i årevis.

– I 2003, som var toppåret, sprang eg 29 maraton i løpet av året. Det blir ein del reising, mest innanlands, men eg har vore i alle fem verdsdelane og sprunge, seier Haugen.

Manglar Sør-Amerika

Nøyaktig kva som driv han, er vanskeleg å svare på.

– Det blir vel ein slags livsstil og ein ekstrem måte å halde seg i form på. Eg har funne min måte, seier Haugen.

Han trenar så mykje som han må, men kvar dag blir det ikkje. Som god langdistanseløpar veit han at kvilen er halve treninga.

– Eg har aldri vore i Sør-Amerika, så maraton i Rio hadde kanskje vore stas, seier Haugen.

Berre så det er nemnt, beste maratontida har han frå Jølster maraton.

– Det var i 1998, og då var eg 45 år. Då sprang eg på 3.08,43, seier Haugen.