Hopp til innhold

Sprang inn nær ein halv million kroner

Årets misjonsløp ved Sygna vidaregåande skule samla i løpet av berre nokre timar inn 497 000 kroner, og sette dermed på ny innsamlingsrekord ved skulen.

Russen ved Sygna vidaregåande skule sprang inn nær ein halv million kroner til bistand.

MONGOLIA: Sygnaelevane spring for å samle inn pengar til misjonsprosjekt. I år går pengane til Mongolia.

Foto: Bjørnar Blom

– Vi er utruleg nøgde med resultatet, spesielt sidan vi har slått tidlegare rekordar og er færre elevar enn i fjor, seier ein av prosjektleiarane for innsamlinga, Bjørnar Blom.

Saman med 114 andre elevar og tilsette ved Sygna vidaregåande skule i Balestrand har han samla inn nær 500 000 kroner til eit misjonsprosjekt i Mongolia, og det i rekordfart.

– Elevar og tilsette skaffar seg sponsorar, og så spring vi for å samle inn mest mogleg pengar. Ein kan bli sponsa av to eller førti stykk, eller så mange som ein klarer. Dei som spring kan få ein sum for å starte, eller til dømes 20 eller 50 kroner for kvar runde ein spring rundt bana, forklarar Blom.

Deltakarane har 80 minutt på seg til å springe, og medan nokre kjempar seg runde for runde rundt bana, har andre sikra seg inntekter berre ved å stille til start. Dei kan dermed ha fokus på å skape liv og stemning og heie fram dei andre, slik at inntektene blir høgast mogleg. I fjor samla russen ved skulen inn 440 000 kroner på løpet, der alle elevane, tilsette og gjerne borna til tilsette deltek.

Spring for å hjelpe andre

Ein over 20 år gamal tradisjon vert halden i hevd med stødig hand av russen på Sygna. I løpet av sitt siste år på den vidaregåande skulen, samlar dei inn pengar til eit prosjekt, og eit av hovudarrangementa er misjonsløpet. I år hadde det fått namnet «Løpet for Mongolia».

Russen ved Sygna vidaregåande skule samla inn pengar på kreativt vis.

PENGAR: Elevane kan ha sikra seg pengar frå sponsorane berre ved å stille til start, så då kan ein gjennomføre misjonsløpet på kreativt vis.

Foto: Bjørnar Blom

– Vi i russen på Sygna har lyst å bruke året til å samle inn pengar til noko godt, og hjelpe andre i verda som ikkje har det så bra, fortel Blom om kvifor dei held tradisjonen i hevd.

Årets prosjekt går til arbeid gjennom Norsk Luthersk Misjonssamband, som også driv Sygna vidaregåande skule, og eit prosjekt i Mongolia. Målet er å rette fokus på barn sine rettar og jobbe for at fleire som går på internatskule der skal få betre tilhøve.

Stolt over innsatsen

Medan kvar deltakar i gjennomsnitt samla inn 4200 kroner, klarte ein tilsett å samle inn 23 000 og ein elev 18 600 kroner. Blom er også godt nøgd med eigen innsats i løpet.

– Eg samla inn 15 000 kroner, ved hjelp av bedrifter, vener, familie og tidlegare elevar på Sygna. I grunn alle eg kjenner, eg har verkeleg plaga mange, seier han lattermildt rett før den store summen skal røpast til alle deltakarane under skulen sin haustfest.