Sjå bileta frå raset i Angedalen
Livredd sprang Bodil Botnen frå gard og grunn då eit 400 meter langt og over 200 meter breitt ras dundra ned frå fjellsida mot garden inst i Angedalen i Førde.
- Det gjekk uverkeleg sakte, veltande med gran, vatn og jord. Det er heilt ubeskriveleg, seier Bodil Botnen. Ho vart så skremd av raset at ho tok med seg ungane og flytta ut av garden i går kveld.
- Eg våga ikkje å overnatte i rasområdet, seier ho.
- Som ei slåmaskin i godt gras
Også mannen, Kjell Botnen, såg raset som starta 400 meter opp i fjellsida frå garden.
- Det starta veldig lite også breidde det seg plutseleg ut i breidda og la ned grantre som om du køyrer slåmaskina i skikkeleg godt gras. Eg visste ikkje når det ville leggje seg.
150 meter frå tunet la raset seg, då hadde halve garden til Bodil og Kjell Botnen vorte dekt med eit tjukt lag av tre, jord og stein.
Også vegen stengd
Ei flaumstor elv hadde øydelagt deler av vegen frå Angedalen ned til Førde sentrum. Så den einaste moglegheita familien Botnen hadde til å kome seg vekk frå raset var å rømme til nabogarden.
Det var seks vaksne og tre born på garden då raset gjekk. Dei la alle på sprang.
- Det var skremmande, me la på sprang til nabogarden, nokre i berre sokkelesten, seier Bodil Botnen.
Raset dekkjer heile bøen.