Hopp til innhold

Sprang frå Årdal til Galdhøpiggen på 16 timar

Dei tre kameratane Ernst Olav Botnen, Torstein Vabo og Gjermund Nordskar sprang frå Årdalsvatnet (nokså nær null meter over havet ) til toppen av Galdhøpiggen på ein dag.

Ernst Olav Botnen (t.v.), Gjermund Nordskar og Torstein Vabo

VED HJELLEFOSSEN: Ernst Olav Botnen (t.v.), Gjermund Nordskar og Torstein Vabo tok ein liten fotopause ved ein av dei spektakulære fossane i Utladalen.

Foto: Gjermund Nordskar

Turen er på 7,5 mil fordelt på 4700 høgdemeter. Normalt er løypa ein god firedagarstur, skriv Fri Flyt.

Gjermund Nordskar, som studerer på NTNU i Trondheim, fortel til NRK at det var ein kamerat som nemnde ideen for han.

– Eg syntest det var eit utruleg kult prosjekt, ei utfordring og ei oppleving, så då tok eg initiativ i sommar. Eg inviterte nokre kameratar, og det var Ernst Olav og Torstein som slengde seg med.

Dermed tok dei turen til Årdal for å realisere ideen. Nordskar er godt over gjennomsnittet interessert i fjellturar.

– Eg er glad i opplevingsprosjekt, der det ikkje berre er snakk om medaljar og plasseringar. På denne turen fekk vi store opplevingar.

Ernst Olav Botnen (t.v.), Gjermund Nordskar og Torstein Vabo

STARTA SOM GATELØP: Det vart nokre kilometer på asfalt frå Årdalsvatnet inn til Hjelle.

Foto: Helge Nordskar

– Tok det som ein søndagstur

Starten var ved Årdalsvatnet i Øvre Årdal (strengt tatt ikkje heilt nede på null, men svært nær). Derifrå jogga kameratane inn Utladalen via Vetti og Skogadalsbøen til Leirvassbu og Spiterstølen, og derifrå opp til toppen av det høgaste fjellet i Norge.

Dei starta klokka seks om morgonen og nådde toppen av Galdhøpiggen klokka 22, med andre ord tok turen 16 timar. I tillegg gjekk dei nedatt til Spiterstulen, det tok to timar ekstra.

Gjermund Nordskar seier at sjølv om dei sprang delar av turen tok dei det nokså roleg.

– Vi tok det som ein søndagstur. Vi jogga der det var slakt og flatt, og så gjekk vi i bakkane.

På Friken

SÅ KOM SOLA: På Friken, mellom Vettismorki og Skogadalsbøen letta skodda, og dei tre fekk fint turvêr.

Foto: Gjermund Nordskar

Mørkt på nedatturen

Vêret var veldig variert.

– Vi starta med lågt skydekke, då vi kom til Vetti var det skode, men på Skogadalsbøen kom sola fram. Derifrå til Spiterstulen hadde vi veldig fint vêr, så vi kunne kaste trøya. Siste biten opp til Galdhøpiggen var det nysnø og vinterleg.

Der kom også skodda att, men det opna seg såpass at dei fekk nyte utsynet før dei måtte haste nedover mot Spiterstulen før det mørkna.

– Dersom andre vil ta turen vil eg rå dei til å starte tidlegare, for det vart vel mørkt før vi var på Spiterstulen ved midnatt. Turen kan også delast opp i fleire etappar.

Ernst Olav Botnen (t.v.), Gjermund Nordskar og Torstein Vabo

TIL TOPPS: Klokka 22 om kvelden var dei tre kameratane på det høgaste punktet i Norge.

Foto: Gjermund Nordskar

– Må vere glad i å presse kroppen

Nordskar vedgår at dei var bra slitne då dei kunne ta kvelden.

– Vi var veldig slitne, men litt av opplevinga er den fysiske biten, ein må vere glad i å presse kroppen.

– Fekk de tid til å nyte naturen?

– Ja, absolutt. Eg har vore med på mange fjelløp og lange utfordringar, og ein viktig del av turen er inspirasjonen og motivasjonen frå omgjevnadene. Vi kunne nyte naturen heile vegen.

Øvre Årdal-Galdhøpiggen