NRK Meny

Språkvitar: Folk må bli vant til at smilefjes er ein del av skriftspråket

Eit smilefjes kan vere alt frå ein naturleg del av ei melding, til ein litt påtvungen måte å unngå misforståingar på. No meiner ein språkvitar at dei små symbola bør standardiserast.

Smilefjes, eller emotikon, har blitt så vanlege i skriftleg kommunikasjon at folk trur avsendaren har noko i mot dei om dei får ei melding utan.

SJÅ VIDEO: Sjå korleis det ser ut når folk lagar emotikons med sine eigne ansikt. (FOTO/REDIGERING: AHMAD DEAN/NRK)

– Dersom du ikkje hektar på nokon form for smilefjes i ei melding, kan mottakaren lure på om du er sur på dei. Der er ein del av etiketten i enkelte miljø, seier språkvitar Jan Olav Fretland.

Han fortel at folk oppfattar mailar meir negativt enn dei er meint, og at uformelle undersøkingar tydar på at eit manglande smilefjes vil farge meldinga negativt, uavhengig av kor positiv eller nøytral den skriftlege bodskapen er. Sidan smilefjesa har blitt så vanlege, har han og Aud Søyland inkludert råd om bruk av smilefjes i boka Norske Skrivereglar.

Vil ikkje bli misforstått

Dag Tore Dysvik og Sofie Klemetzen kjenner seg att i kva ei melding utan smilefjes signaliserer, men let seg i ulik grad påverke.

Dag Tore Dysvik

BRUKAR IKKJE SMILEFJES: Eg blir oppfatta som sarkastisk og kortfatta. Eg skulle blitt sett på som sprudlande, som eg jo er, seier Dag Tore Dysvik spøkefullt.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Eg brukar ikkje smilefjes, sjølv om eg trur eg fornærmar dei eg skriv til, seier Dysvik.

Også Klemetzen er skeptisk.

– Eg stod i mot lenge, men no har eg gitt etter. Eg vil ikkje bli misforstått som sur når eg eigentleg vil vere glad og samarbeidsvillig.

Sofie Klemetzen

MEIR SKRIFT: – Vi skriv mykje meir til kvarandre no enn før, og då mistar vi tonen i det som blir sagt. Eg trur vi forsikrar oss med å slenge på eit smilefjes, for å unngå misforståingar, seier Sofie Klemetzen.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Trur de at det å bruke smilefjes har blitt ein språkregel?

– Ja, eller iallfall ein sosial norm, seier Klemetzen.

Etikette i visse miljø

– Eg trur vi må venne oss til tanken på at smilefjesa kjem til å bli standardisert, seier språkvitar Jan Olav Fretland.

Han trur at dei blir så mykje brukt fordi folk kjenner behov for eit ekstra verktøy når dei skriv til andre.

Jan Olav Fretland

– I Oslo har dei fyrste smilefjesa i standardbrev frå ein offentleg etat begynt å komme. Er det greitt? I så fall, korleis skal vi bruke det, spør Fretland.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Dei som har forska på smilefjesa har funne at dei i hovudsak blir brukt for å forsterke noko positivt eller dempe noko negativt, seier han.

Redd for språkleg latskap

Mange er uroa for korleis bruken av smilefjes påverkar språket. Mellom andre Frank Rossavik har meint at uttrykksikona kan gjere oss dårlegare til å uttrykke kjensler og ironi med ord. Klemetzen har også kjent på dét.

Laster Twitter-innhold

– Eg har alltid vore oppteken av korrekt språk, og å bruke det slik vi lærte på skulen, seier ho.

Fretland peikar på denne respekten for skriftspråket som ei mogleg forklaring på at nokre blir urolege av språklege endringar.

Mobil i hand

2016: – Bilete er også sterke uttrykk. I våre dagar snakkar vi ikkje om tekst som berre bokstavar – heile samansuriet av bokstavar og bilete og film og lyd høyrer saman. Det gir oss den kommunikasjonen vi lever under i 2016, seier Fretland.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Ein har lært korleis ein skal skrive og ikkje skrive, og då trur eg at mange i ein overgangsperiode vil synest at smilefjes er tull, seier han.

Han drar parallellar til ein annan overgangsperiode i norsk historie.

– Det var ein sterk motstand mot fargefjernsynet også, og som politikaren sa: «Vi får finne oss i at synda har komme til jorda, men vi vil ikkje ha henne i fargar». Det er nok litt på same måten med smilefjes, seier Fretland.

13 menneske vart sendt til sjukehus med røykskadar etter brannen i Fjærlandstunnelen måndag.
For å forstå flyktningar betre, budde Katrine Sele tre år på eit asylmottak. No er erfaringane blitt bok.
I Vågsøy er naboar til badestrendene sinte fordi dei meiner at taretråling har ført til at strendene er full av tare.