Språkverktøy møter både begeistring og skepsis

SANDANE (NRK): Bravo-leiken skal lære barnehagebarn språk gjennom leik. Verktøyet møter både begeistring og skepsis.

Språkleiken Bravo i barnehagar

ILLUSTRASJONSBILETE: Bravo-leik vert brukt av 370 barnehagar i Noreg.

Foto: Tone Molnes

Ti år har gått sidan Bravo-leiken først vart lansert. Gründer og spesialpedagog Heidi Aabrekk starta det etter at ho fekk ein son med hjerneskade. Då vart ho tvungen til å tenke annleis rundt språklæring for barn.

– Når vi oppdaga resultata med han, så tenkte eg at dette må vi ta med ut i barnehagane, seier Aabrekk.

Bravo-leiken har sidan utvikla seg, og vert brukt av 370 barnehagar over heile landet.

Heidi Aabrekk

GRÜNDER: Heidi Aabrekk lanserte Bravo-leiken for ti år sidan. No håper ho fleire vil nytte språkverktøyet.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Gode tilbakemeldingar

I Fjaler kommune nyttar dei Bravo-leiken i barnehagane. Kommunalsjef Oppvekst, Ingvard Flekke, seier språkverktøyet syner gode resultat etter det vart innført.

– Tilbakemeldingane eg har fått har vore positive, både frå barnehagane som nyttar dette og skulane som tek i mot barn som har brukt språkverktøyet, seier han.

Møtt med skepsis

Vista Analyse har utført ei evaluering av Bravo. Rapporten syner gode resultat for dei som brukar dette.

Men det har ikkje berre vore begeistring knytt til språkleiken. Hege Elisabeth Valås er nestleiar i Utdanningsforbundet, og fryktar Bravo-leiken forenklar noko ho meiner er meir komplekst.

– Det står blant anna i rapporten at det nærmast kan utførast av kven som helst. Det meiner eg er å redusere utdanninga til noko enkelt. Alle vi som jobbar med utdanning veit at det er ikkje enkelt. Særleg ikkje språk, seier ho.

I rapporten til Vista Analyse står det at språkleiken skal vere eit tillegg til anna opplæring i barnehagane, og berre tek femten minutt å gjennomføre. Valås meiner det er bra, men stiller seg likevel kritisk til effekten av språkverktøyet.

Hege Valås i Utdanningsforbundet

SKEPTISK: Hege Valås i Utdanningsforbundet er skeptisk til bruk - og hensikta av språkverktøy som Bravo-leiken.

Foto: Stig Weston / Utdanningsforbundet

– Det er lite forskingsbelegg, og det er for tidleg å seie kva dei langsiktige effektane av dette er. Eg meiner det er verd å vere kritisk til verktøy som antydar hurtige løysingar på veldig komplekse problem.

I rapporten står det også at kommunane, over tid, kan få igjen opp til 13 kroner for kvar investerte krone i Bravo. Valås meiner dette er feil fokus.

– Eg trur at hensikta er god, men eg stiller meg veldig tvilande til metoden og at det skal løyse komplekse problem på veldig kort tid, seier Valås.

Frå skepsis til begeistring

Aabrekk seier ho er kjend med kritikken, men trur at dersom fleire hadde valt å prøve Bravo-leiken, ville mange tenkt annleis.

– For dei som set seg inn i dette og som deltar i det, så vert ofte skepsis snudd til begeistring, seier ho.

Ho fortel at barna via Bravo-leiken vert introdusert for både ord, bokstavar og lydar, samt at dei får sjå bilete og fargar. Dei får også ta på, smake på og lukte på gjenstandar knytt til orda dei skal lære.

– No veit vi meir om hjernen og om barns tidlege utvikling. Gjennom sanseopplevingar vert grunnlaget for læring lagt.

Positive forskingsresultat

– Eg tykkjer det er forunderleg at Bravo-leiken møter ein del motsand og kritikk, seier Ingeborg Rasmussen, partnar i Vista Analyse.

Ho fortel at rapporten syner at dersom ein tidleg greier å fange opp barn som kan vere utsett for dårleg språkutvikling, så kan dette også lønne seg for kommunane og samfunnet elles.

– Barna vert meir språkbevisste, dei får tidlegare uttale og betre forståing for omgrep, seier Rasmussen, og held fram:

– Slepp kommunane ekstraundervisning, så sparar dei pengar i kommunebudsjetta i tillegg.

Oppvekstsjef i Fjaler kommune, Ingvard Flekke, fortel at barnehagane tok i bruk språkleiken for rundt tre år sidan. Økonomiske fordelar har dei derimot ikkje merka noko til.

– Det økonomiske har eg ikkje tenkt mykje på, og det blir vanskeleg å måle, seier han.