NRK Meny

Språkpris til Lotteritilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet som held til i Førde, fekk i dag Statens klarspråkspris 2015 for språkarbeidet sitt. – Tilsynet har eit enkelt, tydeleg og djervt mål. Alt det dei tilsette skriv skal bli forstått av mottakarane på fyrste forsøk. Målet bør inspirere alle tilsette i staten, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

Jan Tore Sanner og Atle Hamar
Foto: Ann Kristin Lindaas