NRK Meny
Normal

Språkpris til Balholm

Mosteriet Balholm i Balestrand har fått årets målpris.

Rune Haug og Torleik Stegane

Styreleiar Rune Haug (til venstre) tar i mot målprisen frå Torleik Stegane.

Foto: Sogn og Fjordane Mållag

Balholm produserer saft og most av økologisk frukt og bær, og marknadsfører alle produkta på nynorsk.

Moderne nynorsk

Det er Sogn og Fjordane Mållag som deler ut prisen. Grunngjevinga for at Balholm får prisen, er at dei bruker moderne nynorsk på flaskene sine og dei marknadsførar seg på nynorsk på nettsidene.

- Dermed er Balholm eitt av desse gode døma som gjer at nynorsken når ut til område som til no har vore framande, sa Torleik Stegane.

Ny leiar

Under årsmøte i helga var det også val på ny leiar. Tor W. Eikemo hadde sagt i frå seg attval og Hilde Yndestad Halland frå Jølster vart vald til ny leiar.

Med seg i styret har ho Torleik Stegane, Berit Ekerbakke, Magne Aardal og ) og Njål Ølmheim.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå