Treng fleire språkpraksisplassar til flyktningar

FØRDE (NRK): Det er stort behov for bedrifter som kan ta i mot flyktningar til språkpraksis. For Sbarta Iylio var dette vegen inn i arbeidslivet.

Sbarta Iylio

PÅ JOBB: Sbarta Iylio trivst godt på jobben sin.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

– Eg er veldig nøgd med å få arbeide her. Eg har hjelpsame kollegaer som er tolmodig med meg når det kjem til norsken, seier Sbarta Iylio.

Etter to år i Noreg er det ifølgje SSB få flyktningar som kjem seg i fast arbeid. Derimot har Sbarta Iylio frå Syria kapra seg ein jobb i ei kosmetikkforretning etter ho arbeidde der i språkpraksis.

Ho kom til Noreg for litt over to år sidan. Etter at ho hadde gjennomgått introduksjonsprogrammet for flyktningar på Norsksenteret i Førde byrja ho i språkpraksis hjå Vita Exclusive.

Vita Exclusive
Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Butikksjef Ann Helen Karlsen er godt nøgd med sin nye kollega.

– Ho er kjempeflink og verkeleg åndar for arbeidet. Då er det eit enkelt val å la ho arbeide her vidare, seier ho.

Treng fleire språkpraksisplassar

Leiar på Norsksenteret, Aud Sletteland Solheim, seier det er eit stort behov for fleire bedrifter som kan tilby språkpraksisplassar til flyktningar.

– Det ideelle for integrering er at dei kan ha intensive norskkurs tre dagar i veka, og språkpraksis dei to andre dagane. Då får dei også moglegheit til å få ein fot innanfor det norske arbeidslivet.

Norsksenteret ser også at det er få flyktningar som kjem seg i fast arbeid etter to år i Noreg. Her kan språkpraksis vere med på å endre denne trenden.

Krav til språkpraksisplassar

Nestleiar Grethe Hammer Strømmen peikar også på utfordringar når det kjem til språkpraksisplassar. Formålet med ein språkpraksisplass er at flyktningen skal bli utfordra i å prate og forstå norsk. Her ser dei utfordringar med språkpraksisplassar som ikkje gjev dei den læringa dei treng.

– Flyktningane vil ikkje bli god i norsk om dei blir sett til å plassere varer i ei hylle. Dei er avhengige av ein språkpraksis der dei får bruke det norske språket aktivt kvar dag.

Vanskeleg å få seg jobb

Sbarta Iylio

SYNER FRAM: Sbarta Iylio syner fram sminke til ein kunde.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Sbarta Iylio erfarer også at det er vanskeleg for flyktningar å kome seg i arbeid. Då må ein snakke godt norsk eller engelsk. Samstundes peikar ho på at ein sjølv må vere aktiv og vise at ein verkeleg vil.

– Det er viktig å vere aktiv, å møte opp på arbeidsstaden og spørje om dei har jobb til deg. Då er sjansane større for å få seg fast jobb.

Motivasjon ser ein også som ein viktig faktor på norsksenteret. Flyktningane må ha ein indre drivkraft for å ville bli integrert, seier nestleiar Grethe Hammer Strømmen.

Butikksjef Karlsen oppmodar andre til å ta i mot flyktningar på språkpraksis.

– Eg syntest det er verdt det. Dei lærer utruleg mykje av å bruke norsk i jobbsamanheng.