Hopp til innhold

Fryktar kajakkpadlarar spreier frykta parasitt

Sportsfiskar Arne Eithun fryktar at padlarar som dreg frå elv til elv skal spreie smitte mellom vassdraga.

Elvepadling

ILLUSTRASJON: Sportsfiskarane meiner kajakkpadlarane bør kontrollerast betre for å unngå smitte mellom vassdraga.

Foto: Øystein Økter / NRK

Arne Eithun trur ikkje padlarane er medvitne nok på at dei i verste fall kan ha med seg den frykta gyroparasitten frå andre elvar.

Arne Eithun

UROA: Arne Eithun.

Foto: Helse Førde

Både Sogndalselvi og Fjærlandselva er populære padleelvar.

– Det slår meg når eg står og fiskar i Sogndalselva spesielt, som eg har gjort dei siste åra, at det kjem dampande kajakkpadlarar omtrent kvar einaste veke. Det er ikkje berre ein eller to, men både ti og 15 kajakkar, seier Eithun.

Tok 15 år i Lærdal

I mange av dei kjende lakseelvene må fiskarane desinfisere utstyret sitt for å få kjøpt fiskekort. Men padlarar som kan sjøsette kajakken sin kvar som helst, er mykje vanskelegare å kontrollere.

(Artikkelen held fram under videoen)

Endeleg opna laksefisket i Lærdalselvi.

SJÅ: Endeleg opna laksefisket i Lærdalselvi.

I elver i heile fylket er det frykt for lakseparasitten Gyrodactylus salaris. I Lærdalselvi tok det 15 år frå smitten vart påvist til parasitten var borte.

– Smittefaren kan vel kanskje også vere større med kajakkar som flyttar seg med vatn i holrom i båten, seier Yngve Håkonsen, leiar i fiskeutvalet i Sogndal Jeger- og sportsfiskarlag.

Må dokumentere

Seniorrådgjevar Martin Binde hos Mattilsynet forstår sportsfiskarane si frykt for smitte i Sogndalselva. Spesielt ettersom det er fleire gyrosmitta elver på Møre.

Men han opplyser at padlarane er pålagde å desinfisere kajakkane etter at dei har vore brukte i eit infisert vassdrag. Og padlarane må sjølve dokumentere at farkostane er smittefrie gjennom ei eigenerklæring.

– Desse skal vere klistra på kajakken som dokumentasjon på at ein oppfyller regelverket om ein kjem frå eit smitta vassdrag, seier Binde.

Han har inntrykk av at norske padlarar tek gyro-problemet på alvor, og er mest uroa for dei utanlandske padlarane.

For første gong på 17 år blir den vidgjetne Lærdalselvi i Daglig leder Knut Lindstrøm ved erværdige Lindstrøm Hotel i Lærdal forteller om hvor viktig lakseelva var for Lærdal.

SJÅ: Så viktig var lakseelva for Lærdal.