Hopp til innhold

Utanlandske sportsbilar stogga av politiet etter å ha råkøyrt frå Sogndal til Byrkjelo

Meldingane hagla inn til politiet medan sportsbilane rasa opp Sogndalsdalen. På Byrkjelo stod politiet. Høgste fart: ein Aston Martin målt til 137 kilometer i timen.

James Bonds' Aston Martin DBS

STOGGA: Ein 45 år gamal engelskmann vart målt i den høgste farten, 137 km/t, i ein Aston Martin.

Foto: Autoindex

– Vi fekk mange meldingar om hasardiøse forbikøyringar. Det byrja å kome inn meldingar då bilane køyrde opp Sogndalsdalen i femtida. Frå Sogndal og til der dei vart stogga fekk vi mange meldingar, den siste då dei var godt inne i Våtedalen, seier operasjonsleiar Ole Tom Nord i politiet.

Laster Twitter-innhold

Sportsbilar

I det utanlandske følget var det minst ni sportsbilar. Bilane var mellom anna Mercedes AMG, Porche, Lotus og Aston Martin, ifølge politiet.

Ved E39 på Byrkjelo la politiet seg på lur. Der vart fire av råkøyrarane plukka ut. Tre menn fødd i 1958, 1959 og 1991 vart målt til 106, 107 og 111 kilometer i timen og fekk forenkla førelegg.

Den raskaste, ein 45 år gamal engelskmann i ein Aston Martin, vart målt til 137 kilometer i timen.

Stor bot

Politiet organiserte seg etter alle meldingane som kom inn.

– Vi hadde ein UP-patrulje på Byrkjelo, slik at vi hadde dei dekka om dei svinga nordover. Og så fekk vi ein bil frå Førde i posisjon i tilfelle dei skulle svinge inn mot Sunnfjord, seier operasjonsleiar Ole Tom Nord.

Patruljen på Byrkjelo fekk fangst på tre målingar med laser. Patruljen frå Førde kom tidsnok opp til Skei til å legge seg bak følget. Det var dei som gjorde målinga på ein Aston Martin i 137 km/t.

– Sjåføren vil få ei stor bot og køyreforbod i Norge. Han må få andre til å køyre bilen ut av Norge, seier Nord.

Likar å køyre fort

Av dei fire som var stogga var to engelske menn, ein belgisk mann og ein mann frå Monaco.

– Mannen som vart stogga i 137 kilometer i timen hadde ingen annan forklaring enn at han likte å køyre fort, seier operasjonsleiaren.