Spor som kunne løyst gåta om vikingkongen Rollo sporlaust borte i Florø

FLORØ (NRK): For nokre veker sidan vart ei gate i Florø ramma av ein gjeng postkassetjuvar. I tillegg til nokre pengar og ei klokke, fekk òg tjuvane med seg nokre tusen år gamle skjelettbitar.

Grava til Rollo

NORSK ELLER DANSK?: I denne grava i katedralen i Rouen i Frankrike ligg hertugen av Normandie, Rollo. Historikarar har i i fleire hundre år krangla om han eigentleg er dansk eller norsk.

Foto: Urban/ Wikimedia Commons

Skjelettbitane skulle til historikar Sturla Ellingvåg, som håpa at dei skulle hjelpe han å løyse eit eldgammalt mysterium.

– Dei har gått rett forbi her. Dei vart observerte kvart på tre ved postkassestativet oppe ved det grå huset der, fortel Ellingvåg og ser ut over nabolaget sitt, som tidlegare i april vart ramma av postkassetjuveri.

Det var Firdaposten som først omtalte saka.

– Det er ei tragedie, og så vart det på ein måte ein påskekrim også, for vi måte finne ut kva som hadde skjedd.

1000 år gamalt

Dei tusen år gamle skjelettbitane vart sende frå Universitetet i Oslo til Florø for å bli analysert av historikaren, som ein del av eit prosjekt han har jobba med i fleire år.

Sturla Ellingvåg

LEVER I HÅPET: historikar Sturla Ellingsvåg

Foto: Privat

– Dette skjelettet har på mange måtar vore siste sjanse for å finne DNAet til Rollo si næraste slekt i Normandie. Det er hans etterslekt som blant anna inneheld Wilhelm erobraren som erobra England i 1066. Så det er ein av stamfedrane til det engelske kongeslekta vi snakkar om, seier Ellingvåg.

Men 9. april akkurat då den viktige pakka låg i postkassa til Ellingvåg har altså nokon uvedkomande vore i postkassa til historikaren.

Dermed kan også viktig spor for avgjere om vikingkongen Rollo, som styrte i Normandie i Frankrike frå år 911 og fram til han døydde, kom frå Danmark eller Noreg. Det er òg eit anna mysterium knytt til den tusen år gamle kongen.

– Vi skulle ta DNA av skjelettrestane rett og slett for å sjå om vi kunne finne ut om Rollo er den same som Gange Rolv, som vi kjenner godt frå den norrøne saga-tradisjonen. Dersom vi kan finne ut av det så har vi løyst ei gåte som historikarar og andre har krangla om i fleire hundreår, seier Ellingvåg.

Grava til Rollo i katedralen i Rouen i Frankrike

KUNNE GITT SVAR:Her opnar dei sarkofagen til hertug Rollo. Planen var at Sturla Ellingsvåg i Florø skulle å DNA-sjekke skjelettrestane.

Foto: Privat /

Lever i håpet

Tre veker etter at dei forsvarnn, er dei viktige skjelettbitane framleis ikkje komne til rette. Historikaren har likevel trua på at dei omsider dukkar opp att - spesielt sidan det ikkje er mogleg å få tak i fleire.

– Eg håpar at dei plutseleg skal dukke opp. Det er spanande kvar gong eg opnar postkassa, om noko skal ha lagt dei oppi. Det er 15 centimeter lange reagensrøyr med oransje skrutoppar. Dei er ganske synlege.

Etter at tjuveriet var omtalt i Firdaposten, har Sturla Ellingvåg fått god hjelp av lokalbefolkninga til å leite.

– Eg vil takke alle som har engasjert seg. Det er ganske rørande. Eg vert svært audmjuk og glad. Så er dette berre gutestrekar, eg er ikkje ute etter å ta nokon for meg er det viktigaste å tak i skjeletta.