Spør ministeren om skulekutt

Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Marit Knutsdatter Strand, er uroleg for at det er varsla kutt i investeringar ved fleire vidaregåande skular når Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman. Ho fryktar no at elevane må betale prisen for samanslåinga. No tek ho saka opp i Stortinget og ber kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) svare på om han kjem med meir pengar for å unngå at prisen for samanslåinga må betalast av elevane.

Marit Knutsdatter Strand
Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet