Hopp til innhold

Sponsorane følgjer Sogndal – uansett om dei rykkjer ned

Hovudsponsorane til Sogndal Fotball følgjer laget i gode og vonde dagar. Det gjer dei klokt i, meiner marknadsføringsekspert.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Vålerenga.

FRAMLEIS MED: Sparebanken Vest har pryda fronten på Sogndal-drakta i årevis, saman med blant anna Lerum.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Det vil vere direkte usjarmerande av ein lokal sponsor å seie at, nei, no vil vi ikkje vere med lenger, for vi får for lite medieeksponering, seier rektor Trond Blindheim ved Høgskolen Kristiania.

Denne veka vert det avgjort om Sogndal Fotball spelar i Eliteserien, eller første divisjon komande sesong. Det har både ei sportsleg og økonomisk betydning, men for Sogndal er kontraktane med dei to største sponsorane divisjonsuavhengige.

Trond Blindheim

MEIR MERKSEMD: Rektor Trond Blindheim seier lag i Eliteserien får mykje meir nasjonal merksemd, enn lag i første divisjon, og at det viser att i skilnaden i sponsorinntektene til laga.

Foto: Markedshøyskolen

– Det skapar eit svært sympatisk inntrykk, eit inntrykk av at dei er solidariske og står ved laget sitt i gode og vonde dagar. Det er jo den åtferda, i alle fall fansen ønskjer å sjå av sponsorane, seier Blindheim.

– Ulideleg spennande

På søndag sat konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest på tribunen på Brann Stadion. Men han vedgår at han eigentleg følgde meir med på kampen på Fosshaugane. Uavhengig av kva divisjon Sogndal endar opp med å spele i 2018, er sponsorkronene dei same.

– Dersom Sogndal rykkjer ned, så er vi opptekne av at dei skal ha best mogleg utgangspunkt for å rykke raskt opp att, seier Kjerpeseth om avtalen.

– Eksponeringa er mindre i første divisjon, kvifor har de gått med på ei kontrakt som er divisjonsuavhengig?

– Det er ingen tvil om at vi støttar verken Sogndal eller Brann berre ut ifrå eit bidragsperspektiv. Skulle vi tenkt veldig kortsiktig burde beløpet vore vesentleg lågare om dei skulle rykke ned, men slik har vi altså ikkje tenkt, seier Kjerpeseth.

Kan miste rundt tre millionar

Fotballag på toppnivå får inntekter frå hovudsakleg sponsorar, billettsal og marknad- og medieavtalar som Norges toppfotball (NTF) og Norges fotballforbund forvaltar. Sogndal Fotball har i tillegg leigeinntekter.

NTF opplyser til NRK at skilnadene på overføringane mellom botnen i Eliteserien og toppen i første divisjon utgjer mellom 2,5 og tre millionar kroner, denne sesongen. Sogndal Fotball risikerer dermed å miste rundt tre millionar kroner i inntekter dersom dei rykker ned. I tillegg må ein rekne med lågare billettinntekter.

Styreleiar Tor Arne Ness vil ikkje kommentere den økonomiske situasjonen før kvalifiseringskampane er spelte.

– Vi er innstilt på å ta dei prioriteringane og utfordringane som måtte kome, men akkurat no er vårt hovudfokus å behalda plassen i eliteserien.

Ness seier samstundes at dei er heilt avhengige av støtta frå næringslivet for å lukkast over tid.

Då Sogndal sikra kvalifiseringsplassen på søndag, vart det klart at Aalesund rykka direkte ned. Nedrykket koster dei mellom 15 og 20 millioner kroner i tapte inntekter.

Laget frå saftbygda

Lerum har sponsa Sogndal Fotball sidan 1981, og dermed vore med på mange ned- og opprykk.

– Det er klart at med eit Sogndals-lag i eliteserien, så har det ein marknadsverdi for oss. Særleg at Sogndal vert kalla saftbygda, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug.

Trine Lerum Hjellhaug

LANGVARIG FORHOLD: – Vi er med av to grunnar. Det er på grunn av samfunnsansvaret. Det er viktig å få til noko i lag, og så er Sogndal Fotball utruleg viktig for heile fylket, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug.

Foto: NRK

Lerum fortel at om lag kvart einaste møte med kundar og forhandlarar startar med ein fotballprat. Om det vert mindre fotballprat, om Sogndal rykker ned, endrar ikkje det støtta til laget. Lerum begynner å le når NRK spør om dei skal fornye sponsorkontrakten neste år.

– Hehe, no har vi samarbeida sidan 1981, så eg trur nok vi skal samarbeide framover òg, ja.

Sponsing er ei bedriftsøkonomisk investering som skal gje utslag i medieeksponeringen, forklarar Blindheim. Han meiner samstundes at lokale og regionale sponsorar likevel gjer klokt i å følgje sponsorobjekta sine, uavhengig av suksess eller ikkje.

– Eg trur det er veldig god PR for sponsorane å ikkje gjere forskjell på om laget spelar i eliteserien eller første divisjon.