Hopp til innhold

Sponplater i vegen førte til tunnelstenging

På riksveg 5 ved Grov låg dei strødd. Statens vegvesen valde å stengje tunnelen ei stund, men han er no opna igjen.

Sponplater i vegbanen, Flora

MANGE SPONPLATER: Platene låg langs riksveg 5 ved Grov.

Foto: John Egil Svortevik

Då sponplatene vart oppdaga var det dramatisk for John Egil Svortevik.

– Det er heilt vilt her. Platene fyk i vinden. Eg og ein annan har forsøkt å rydde vegbanen, men dei fyk berre inn på vegen igjen, seier han.

Han var truleg den første som såg sponplatene liggje utover vegen langs riksveg 5. Han ringde Statens vegvesen, som skulle sende ein entreprenør for å rydde. Til slutt såg dei seg nøydde til å stengje Sundafjelltunnelen, som no er open att.

– Nokre av platene slo opp i understellet, så me trur at det finst ein risiko for punktering, seier Albert Sherington, trafikkoperatør

Entreprenør kom til staden, men det tok tid å sjekke heile den 1885 meter lange tunnelen.

– Dei er pent nøydde til å stå å vente på det raude lyset, sa Sherington då.

John Egil Svortevik snudde bilen så snart han kunne då han såg sponplatene.

– Eg stod midt i vegen med varsellampane på. To stykke står og sjekkar understellet på bilane. Dei høyrde det small då dei køyrde over platene.

Svortevik fortel at fleire av platene lettar raskt og står på høgkant i vinden.

– Dei kjem brått på, så det er ikkje lett å svinge unna dei, seier han.

SUNDAFJELLTUNNELEN: Riksveg 5 i Flora.