Stig Jøsendal, Therese Lægreid og Alfred Holsæter på Jotun-benken. Arkivfoto Kjell Arvid Stølen NRK
Tre minutt før slutt stod det 21-20 til Jotun, men derifrå og ut var det berre heimelaget frå Molde som fekk nettkjenning. Då sluttsignalet gjekk, stod det 22-21 til Træff. Dermed reiste Jotun-damene poenglause heim til Årdal. - Det var utruleg bittert, seier Jotun-kaptein Therese Lægreid.
Raudt kort til trenaren
Det var oppheta stemning i sluttminutta, og Jotun-trenar Stig Jøsendal fekk raudt kort etter å ha sagt si meining om dommarane på ein litt for tydeleg måte.
Stillinga ved pause var 13-11 til Træff. Beathe Myrdal var nok ein gong toppskårar for Jotun med seks mål, Therese Lægreid sette inn fire og Linda Øy tre mål.
Framleis sjanse
Jotun er no nest sist med ti poeng, medan Træff har 12. Men det er enno mange sjansar att til å sikre ny kontrakt, seier Therese Lægreid.