NRK Meny
Normal

Spøkefuglar må betale utrykning

Det vert truleg ei dyr moro for personane som ringde inn ei falsk brannmelding på Sandane natt til søndag.

Politibil
Foto: Cornelius Poppe / Scanpix

- Vi hadde håp om at det ikkje fanst så gapne folk her i Gloppen, men det finst det tydelegvis. Vi var ganske oppgitte, seier brannsmeister i Gloppen, Arne Mykland.

Full styrke

Dei var ikkje lite forbanna mannskapet som søndag morgon oppdaga at dei hadde rykt ut det som slett ikkje var nokon husbrann. Klokka halv fem om morgonen vart det ringt inn ei melding om brann i eit husvære i Sandane sentrum, og alt tilgjengeleg mannskap vart sendt ut.

- Totalt rykte det ut seks brannbilar, politi, ambulanse, legevakt, og i tillegg vart også e-verket utkalla, forklarar Mykland. 

Røykdykkarar frå Byrkjelo stilte også.

Brannsjef Bjarne Kleppe som fekk telefon midt på natta seier hendinga er svært alvorleg.

- Det er ikkje morosamt i det heile. Det som er alvorleg er viss det skulle skje noko medan vi var ute på utrykning.

To mobiltelefonar er beslaglagde

Politiet etterforskar no hendinga og seier dei har beslaglagt to mobiltelefonar. Truleg kan eigarane vente seg eit solid erstatningskrav. 

Brannmeister Arne Mykland har ein klar beskjed til dei som ringde inn den falske alarmen  

- Eg vil berre helse og seie at det sikkert vert ei dyr moro. Eg reknar med at dei må betale ei slik utrykning. Dette er rett og slett tull og fanteri.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser