Styret skal ta stilling til om Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkesbåtar skal slåast saman til eitt selskap. Alt tyder på at styret er delt på midten.
Underleg strid
Det er litt underleg strid som no føregår om fusjon av dei to selskapa, fordi frontane ikkje går mellom dei to fylka eller mellom tillitsvalde og politiske valde. For så langt i prosessen har to av dei politisk valde medlemmene frå Sogn og Fjordane og dei tillitsvalde i Møre og Romsdal vore mot fusjon, medan tillitsvalde i Fylkesbåtane og politisk valde i Møre og Romsdal er for.
Innsparing i administrasjon
I botnen for diskusjonen ligg ei grundig utgreiing om fordelar og ulemper med samanslåing, og denne har ingen klår konklusjon. Ingen ferjer eller snøggbåtar i dei to selskapa går parallelle ruter, og difor betyr samanslåing inga innsparing her. Innsparingane ligg i administrasjon, og det kan ein få til uavhenging av fusjon eller ikkje, meiner fusjonsmotstandarane.
Innsparinga er rekna til mellom seks og 12 millionar kroner. Kring 90 tilsette i Florø og Molde blir omfatta av denne diskusjonen. Eit ti-tals tilsette må bort, og dei andre kan få nye oppgåver. Tilhengarane av fusjon meiner det blir lettare å få til ein effektiv administrasjon dersom ein slær saman selskapa.
Lokaliseringsproblem
Men den vanskelegaste saka er lokalisering - også her. I dag er Florø og Molde hovudstadane for dei to selskapa. Og Sogn og Fjordane, som er storebror i denne samanheng, vil ha hovudadministrasjonen for Fjord 1 og administrasjonen for båtdivisjonen i Florø, og så to ferjedivisjonar - ein i kvart fylke. Dette vil ikkje Møre og Romsdal vere med på. Ei lei nøtt å knekke når styret for Fjord 1 møtest i Loen torsdag ettermiddag.
Styret sitt vedtak som kjem fredag, går så til bedriftsforsamlinga der dei to fylka har seks representantar kvar, og dei tilsette i selskapa har seks til saman.