Men vilkåret er at kommunane i Sogn regionråd går inn med 6,6 millionar kroner, og at næringslivet og fylkeskommunen deler på å gå inn med 3,3 millionar. Tord Dale i samferdsleutvalet seier mykje no er opp til næringslivet i Sogn.
Avinor med også
Viss spleiselaget klarar å samle inn 10 millionar, går også Avinor inn med eit beløp som vil gje ei god utbetring på Haukåsen. For fylkeskommunen er dette ei relativt lita eingongsinvestering som vil gje store verdiar og bety mykje for regionen og flyplassen, seier Dale.