NRK Meny
Normal

Spleiselag for Englandsbåt

Det blir jobba for å få på plass eit spleislag mellom turistnæringa på Vestlandet og eit ferjeselskap for å gjenopprette sambandet mellom Bergen og Newcastle.

Bortfallet av ferjeruta gjer at turistnæringa taper store summar.

– Dette vil nok reiselivsnæringa støtte. Dette er svært viktig i forhold til tal turistar som har forsvunne frå fylket, fortel Sigurd Kvikne, hotelldirektør ved Kviknes Hotell i Balestrand.

LES: Turistar sviktar fylket .

Halv million gjestedøgn

Han fortel at han nesten ikkje har sett ein einaste buss frå England denne sesongen.

– Eg veit ikkje nøyaktig kor mange gjestedøgn Englandsbåten har ført til, men det er nemd opp til ein halv million i hotella langs fjordane. Det er ein alvorleg situasjon om vi ikkje klarer å kompansere for det, seier Kvikne.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser