Hopp til innhold

Spisskandidat forlet Sogndal

Etter tre kampar i Sogndalsdrakta og berre eitt mål må no Newton Sterling frå Jamaica forlate klubben utan kontrakt.

- Ut frå det han presterte medan han var her meinte vi at det rette var å ikkje gje han konktrakt, seier sportsleg leiar, Anders Giske.

Giske rosar mange av kvalitetane til Sterling, men meiner han var for lite bevegeleg og dominant.

- Ekstra bonus

Så no må Sogndal halde fram leitinga etter ein ny spiss.

- Men vi tek den tida vi treng. Det viktigaste no er å få dei vi har friske og i god form, seier Giske, som ser det som ein ekstra bonus om den rette spissen dukkar opp.