Hopp til innhold

Spissane kjempar tøff kamp om plassen

SOGNDAL (NRK): Her er Eirik Bakke sitt herlege luksusproblem: Kven av dei fire spissane skal få spele i favorittposisjonen sin?

Kristian Fardal Opseth i duell med forsvaret

KONKURRANSE: Det er tøff kamp om plassane på laget i Sogndal. Kristian Fardal Opseth er glad for konkurransen – noko han meiner gjer laget betre.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Det er absolutt tøff konkurranse om spissplassane. Så eg veit eg må levere, og det prøver eg å gjere heile tida, seier Kristian Fardal Opseth.

Han er éin av fire spissar i stallen til Sogndal denne sesongen. Også Mahatma Otoo, Robin Shroot og Ulrik Flo er kandidatar til ein plass på topp i den offensive spelestilen under Eirik Bakke.

– Det er stor konkurranse om å få spele på dette laget, og det trur eg vi kan dra nyte av. Eg vil få bruk for alle fire spissane våre, seier trenaren.

Svolten på scoringar frå midtbanen

I skadefråveret til Mahatma Otoo fekk Fardal Opseth tillit frå start i seriepremieren mot Bærum. Han var berre millimeter unna nettkjenning, då han sende av garde eit frispark frå 20 meter som enda i stolpen.

I periodar spelte Sogndal i ein slags 4-4-2-formasjon, og då var også Robin Shroot rein spiss. Engelskmannen synte seg fram som ein måljeger, då han var frampå med pannebrasken på ein retur frå keeper.

Ulrik Flo opna også målkontoen. Han spelte indreløpar, men var oppe på ein corner og dundra ballen i mål på eit brassespark. Og i bakhand har Sogndal altså Otoo.

– Eg er oppteken av å score mål også når eg er flytta lågare ned i bana, seier Flo.

Ulrik Flo scorer på brassespark mot Bærum

MIDTBANE – MEN MÅL: Ulrik Flo har fått beskjed om å spele mest som indreløpar i år, men vil også figurere som spiss og kant. Her bankar han inn eit mål på brassespark mot Bærum.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Likar at det konkurranse om plassane

Det er med andre ord duka for ein frisk kamp om angrepsposisjonane på laget, alt etter kva formasjon trenar Eirik Bakke vel å bruke frå kamp til kamp – og om han vil bruke ein eller to reine spissar.

– Det er viktig med konkurranse i laget. Då må alle vere på tå hev og skjerpa heile tida. Så eg meiner det er viktig å ha denne breidda, seier Fardal Opseth.

– Eg jobbar det eg kan, står på og veit eg har meir inne. Så håpar eg å få det ut. Då føler eg at eg har ein god sjanse til å spele meg inn, seier han.

...og snart er Otoo tilbake etter skaden

Av angriparane er Opseth saman med Otoo dei kanskje «reinaste» spissane. Shroot er også aktuell som kantspelar, og Flo har fått beskjed om at han vil bli brukt ein del på midtbana.

– Eg likar meg godt som indreløpar, og det er hovudsakleg der eg skal spele i år. Men eg vil nok også få speletid som kant og spiss, seier stryningen.

– Vi har plenty av gode spissar. Robin er ein målgarantist, Kristian har vist seg fram i det siste, og så har vi Mahatma i bakhand. Det ser veldig bra ut, seier han.

Ifølgje trenar Eirik Bakke er Mahatma Otoo snart tilbake etter skade. Han kan vere aktuell for laget allereie kommande helg borte mot Jerv, men mest sannsynleg til heimekampen mot Hønefoss.

Mahatma Otoo

SNART KLAR: Mahatma Otoo er venta å vere snart tilbake etter skade. Då er han ein sterk utfordrar til ein spissplass på Sogndal.

Foto: Morten Olsen / Digitalsport