NRK Meny
Normal

Espen Olsen ferdig i Sogndal

Espen Olsen er har spelt sin siste kamp i sogndaltrøya. Onsdag signerte han eittårsavtale med 1. divisjonslaget Strømmen.

Espen Olsen og Christer Ellefsen

LEDIG: Trøye nummer 10 er ledig i Sogndal etter at Espen Olsen forlet saftbygda til fordel for 1. divisjonsspel med Strømmen.

Foto: Rune Fossum/NRK

Den tidlegare Hamkam-, Stabæk- og Start-spelaren skal jobbe som lærar, når han no tek steget ned att til 1. divisjon.

– Det kjennest rett ut å ta dette valet no. Familien har flytta attende til austlandet, så da passa dette greit, seier Olsen til Sogn Avis.

Høgdepunktet i fjor

Kom til saftbygda i 2008. Sidan er det blitt 20 mål på 93 cup- og seriekampar. Med sine 12 seriemål i fjor, var Olsen sterkt medverkande til at Sogndal i fjor tok steget opp att i eliteserien.

I år er det blitt seks kampar frå start, men siste målet i sogndaltrøya var den avgjerande nettkjenninga borte mot Bodø/Glimt 3. oktober i fjor.

– Halv-volleyen mot Bodø/Glimt er det desiderte høgdepunktet mitt i Sogndal. Då hadde me slått Nybergsund-Trysil på bortebane like før, og spikra i prinsippet opprykket til eliteserien, seier han til avisa.

Vil anbefale

Olsen seier til avisa at han vil anbefale klubben, om nokon ringjer for å spørje om råd. Han har ikkje eitt vondt ord å seie om verken klubben eller bygda.

– Eg har hatt det heilt fantastisk i Sogndal. Eg har fått mange gode vener her, og har hatt eit godt forhold til samtlege i klubben. Både eg og familien har trivst veldig godt i bygda, og kjem nok til å leggja nokre feriar hit i framtida, seier Olsen til avisa.

Som dermed returnerer til

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser