NRK Meny
Normal

Spesielle attraksjonar

Sjå attraksjonar som Norges brattaste tunnel, våtaste stad, det mest brukte postkortmotivet og den mest overdimensjonerte gåva.

Fotograf og våte medvirkande i Brekke
Foto: Rune Møklebust / NRK

I tv-serien Norske attraksjonar besøkte Linda Eide nokre av attraksjonane du ikkje finn i reisebøkene.

Iført sin raude joggedress ber ho oss lyfte blikket og sjå ting rundt oss på ein litt annan måte. Då kan du sjølv kome på sporet av ein Norsk attraksjon.

Her kan du sjå attraksjonane:

Moped med skiltet til Norsk Attraksjon kjører inn i Ofredalstunnelen
Foto: Trygve Hellestræ / NRK

Piza eller Ofredal?

Halvvegs inne i fjellet oppdaga entreprenøren at dei hadde sikta feil. Dermed fekk Ofredalstunnelen, akkurat som tårnet i Pisa, ei utilsikta helling.Resultatet vart avisartiklar verda rundt, og at "alle" fekk vite om bygda.
Les meir om Norges brattaste tunnel
Sjå Norsk attraksjon frå Ofredalstunnelen

Fridtjof den frøkne
Foto: NRK

Den overveldande Fridjof

På Vangsnes i Vik står det som kanskje verdas mest overdimensjonerte presang. Statuen av den lokale vikinghelten Fridjof den frøkne, er ei gåve frå tyske keisar Wilhelm. Linda Eide besøkte statuen i Sogn.
Sjå Norsk attraksjon med den overveldande Fridjof

Linda Eide
Foto: NRK

Våtaste staden i landet

Brekke i Gulen er den våtaste staden i landet. Her har dei norgesrekord i nedbør. I 1990 regna det 276 dagar i løpet av året, og det kom nesten seks meter med regn. I 1989 regna det så mykje at 17.mai-toget vart flytta innandørs for første song i historia.
Sjå Norsk attraksjon frå Brekke våtaste plass i landet

Dalsfjordsambandet skal det ende her
Foto: NRK.

Vegen som aldri kom fram

Ein av dei største attraksjonane i Fjaler er ein vegskandale. Skammens veg og verdas dyraste geitesti vert den kalla. Vegen skulle føre fram til ei bru over fjorden, som skulle erstatte ferja. Men pengane forsvann og vegen enda i ingenting.
Sjå Norsk attraksjon om vegen som aldri kom fram.

Dama på grisen i Norske attraksjoner
Foto: NRK.

Det mest selde postkortet

På Galdestølen i Lærdal finn ein motivet til Norges mest selde postkort. Det var i 1932 at budeia Anna Skaar ikkje fekk flytta på ei purke. For å prøve å flytte grisen klatra budeia opp på ryggen til purka. Ein fotograf såg tilfeldig det som hende og fekk tatt bilete.
Sjå Norsk attraksjon om dama på purka

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.