Støtteforeininga for kreftsjuke born fekk nemleg ein fasadekledning som gåve frå eit nederlandsk selskap. Minst 10 personar frå firmaet James Hardie skal legge kledningen på familiehuset som støtteforeininga har i Bergen. Gåva vart overrekt under konserten "Krafttak mot kreft" i Årdal onsdag kveld.
- Finn ikkje ord
Jan Erik Eide. Foto: Hanne Stedje, porten.no
Jan Erik Eide i støtteforeininga er overvelda over gåva og seier den er verdt fleire hundre tusen kroner.
- Eg trur eg ikkje har ord, er kommentaren hans.
Ein av sjefane i det nederlandske James Hardie-selskapet er nemleg frå Florø. Mor hans hadde vore på støttekonserten i Bergen for tre månader sidan, og deretter har hjula rulla fort. Foreininga har i lengre tid samla pengar til familiehuset i Bergen. Konserten onsdag kveld gav 150.000 kroner i kassen. Og i tillegg kjem altså arbeidsgåva som er vanskeleg å verdsetje, ifølgje Eide.
Viktig medisin
Familiehuset har ein viktig funksjon.
- Huset gjev høve til å kome seg ut frå sjukehuset når du strengt tatt ikkje treng vere der. Her kan du motta besøk frå familie og vener. Det å kome ned i denne bustaden og bort frå sjukehuskorridorane er medisin i seg sjølv, seier Eide.