Sperrar køyrefelt på Strynefjellet

Ein lastebil med hengar sperrar no det eine køyrefeltet like ved Oppljostunnelen på riksveg 15 over Strynefjellet. Ein del av lasta har ramla av. Politiet i Gudbrandsdalen seier det blir jobba med opprydding på staden. Området er kjent for sterke kastevindar, og det har i dag blåse kraftig i fjellet.

Bil og hengar mista last på Strynefjellet
Foto: Statens vegvesen/webkamera