Hopp til innhold

Bilbergarar tek utanlandske vogntog i arrest

Utanlandske vogntog blir sperra inne slik at dei ikkje skal stikke av frå rekninga etter bilberging.

Vogntog i grøfta

PROBLEM: Skorfaste vogntog har skapt store problem i vinter.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Berre på Vestlandet har langt over hundre vegar vore stengde etter at vogntog har køyrt seg fast. Svært mange av desse har vore utanlandske vogntog.

For bergingsselskapa er det ikkje sjølvsagt å få betalt for jobben.

– Det er ei utfordring å få betaling, men vi har ganske gode rutinar no når vi har arbeidd så lenge med dette, seier Arve Wangensteen, sjef for Viking Redningsteneste sine stasjonar i Vang, Årdal og Lærdal.

15 oppdrag i døgnet

Wangensteen har ansvar for viktige fjellovergangar som Hemsedalsfjellet og Filefjell og fortel at dei har hatt ein hektisk vinter.

– Vi kan vere oppe i 15 oppdrag i døgnet for å seie det slik, seier han.

Men for å få betaling må bergingsselskapa stadig vekk ty til ulike metodar, for dei utanlandske sjåførane har ofte ikkje med seg pengar, og sjefen i utlandet vil helst ikkje leggje pengar på bordet.

Sperrar inne vogntog

polsk vogntog i grøfta

UTFOR: Eit polsk vogntog i grøfta.

Foto: Øystein Torheim

Som regel ordnar det seg med at bergingsselskapa tek hand om både fraktbrev og vognkort. Vogntogsjåføren får beskjed om at papira blir levert tilbake når bergingsoppdraget er betalt.

Det skjedde også då eit tsjekkisk vogntog fekk motorhavari på E16 i Flåm i slutten av januar. Viking fekk papira frå sjåføren, men han bestemte seg likevel for å stikke av frå rekninga. Dagen etter måtte Viking berge han igjen.

For Viking var tålmodet slutt, og det tsjekkiske vogntoget vart difor sperra inne på Viking si tomt på Vang.

– Vi sat ein bergingsbil på kvar side av vogntoget til vi fekk pengane våre, seier Wangensteen.

Tyr til drastiske verkemiddel

Fleire gonger i vinter har sjåførane til Viking sett seg nøydde til å kople frå mellomaksklingen på utanlandske vogntog, slik at dei rett og slett ikkje er køyrbare, fortel Wangensteen.

– Dersom sjåførane slår seg vrange, der dette ein måte å gjere det på, seier han.

Liknande historier finst også andre stader i landet. Kjedesjef i Viking Bergingsteneste, Svein Setrom seier innesperring av utanlandske vogntog og avkopling av akslingar skjer mellom 50-60 gonger i året på landsbasis.

– Det er veldig dumt. Dette skjer som regel i periodar med stor oppdragsmengde. Det er ein intensiv bransje der alt skjer på ein gang. Vi skulle ønskje vi slapp dette, seier Setrom.

Bøter blir ikkje betalt

Også politiet slit med å få betalt når dei gir bøter til utanlandske vogntog.

– Halvparten av bøtene gitt til utanlandske sjåførar blir aldri betalt og Norge har fleire millionar uteståande, fortel Turid Brennberg ved Statens innkrevingssentral.

For bergingsjåførane er det ikkje alltid like lett å setje hardt mot hardt. Dei får ofte høyre historier om utanlandske sjåførar som arbeider under dårlege forhold, fortel Wangensteen.

NETT-TV: Fryktar snøfaste vogntog

Video Fryktar snøfaste vogntog

NETT-TV: Fryktar snøfaste vogntog

NETT-TV: Vil ha regelending mot harde dekk

Video I dag er Vil ha regelendring mot harde dekk

NETT-TV: Vil ha regelending mot harde dekk