NRK Meny
Normal

Her står den tome semitraileren med sommardekk - på norsk vinterveg

Føraren av det polske vogntoget la seg langflat då politiet kom til staden. På veg opp Rørvikfjellet vart det bom stogg for semitraileren på sommardekk.

Eit utanlandsk vogntog på sommardekk vart torsdag ståande fast på fylkesveg 13 på veg mo tRørvikfjellet i Gaular kommune.

BOM FAST: Føraren av vogntoget har aldri lagt på kjettingar før. Dermed vart det bom stogg opp Rørvikfjellet. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

Han hadde vore i Haukedalen og levert varer, den utanlandske yrkessjåføren som torsdag føremiddag sperra fylkesveg 13 i Gaular.

Vegen vart meld opna att like over klokka 11.

– Han har sommardekk framme og vinterdekk bak. Vi har bestilt bilberging frå Førde, og den vil bli taua bort for eigar og førars rekning, seier politibetjent Espen Gulliksen ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Aldri lagt på kjettingar før

På snødekte vestlandsvegar går det fort gale. Særleg når kjettingane som er med på turen ikkje blir lagde på.

(Artikkelen held fram under biletet)

Polakk får drahjelp opp Røyrvikfjellet.

DRAHJELP: Førde bilberging gir den polske yrkessjåføren drahjelp opp Rørvikfjellet.

Foto: Privatfoto

Etter det NRK kjenner til trekkjer dei bakerste dekka på trekkvokna, og føraren hadde gjort forsøk på å legge kjettingar på dei bakerste dekka. Men desse var lagt feil veg.

– Føraren stiller med flunkande nye kjettingar, men seier han aldri har lagt på kjettingar før, seier politibetjenten.

– Han legg seg flat

– Han er litt sett ut sjølv, skjønar problemet og legg seg nokså flat, legg Gulliksen til.

Det er truleg til lita trøyst for bilistane som ikkje kom seg forbi vogntoget i morgontimane torsdag. Politiet vil no følgje opp saka og seier det blir ilagt bruksforbod på vogntoget for køyring på vinterveg til styrande aksel har fått påmontert vinterdekk.

– Vi vil opprette sak og melde føraren for manglande vinterdekk, opplyser Gulliksen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune