UKM like før konsertstart: Nervar i spenn!

«Steinsprang» frå Lærdal er spente før si første fylkesmønstring. Du kan følgje heile UKM to dagar til ende i nett-TV på NRK.no.

– Eg mista trommestikkene, dei berre glei ut av hendene på meg, seier Jens-Henrik Hegg, som ikkje er heilt nøgd med generalprøven.

Saman med Tore Skårheim (12), Oskar Gram Coch (12), Pia Berg Nemeth (11) og Jon Herman Hegg (16) skal dei på UKM-scena med bandet «Steinsprang».

Fleire band

Bandet er eitt av to innslag på dagens konsert frå Lærdal.

– Vi har spelt saman sidan i haust, og det er første gong vi opptrer på ei så stor scene, seier gitarist Tore Skårheim.

Bandet øver annakvar måndag på Borgund skule. Sjangeren er rock.

– Målet i dag er å spele bra og ikkje gjere noko tull, seier han Skårheim.

Bandet skal spele "Wild thing" av The Troggs, men låten er kanskje like kjend framført av Jimi Hendrix. Skårheim fortel at det er musikklæraren som gjort dei kjende for låten.

– Vi har prøvd å lage eigne songar, men det er vanskeleg, seier Skårheim.

Søster stiller også på scena

I tillegg til «Steinsprang » er det endå ein lærdøl som skal på scena; Sara Sofie Hegg (9), som er syster av brørne Hegg. Ho skal spele gitar saman med gitarlæraren sin. "Accety" er låten som står på programmet.

– Eg er litt nervøs. Eg har ikkje spelt så mange konsertar før, seier Hegg.

Då er det fint å vere fleire som kjem i lag, seier ho.

– Sjølv om vi er konkurrentar, heiar vi på kvarandre, seier bandet, der dei riggar seg til på bakrommet for å følgje førestillinga på storskjerm.