Hopp til innhold

Spente før folkerøystinga måndag

Måndag skal innbyggarane i Vågsøy og Selje seie sitt, om kva dei meiner kommunen skal gjere. Skal dei slå seg saman med andre eller halde fram som eigen kommune?

Førhandsrøysting i Selje

FØREHANDSRØYSTING: Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal (KrF) og Sissel Solheim tek i mot førehandsrøyster. Gunnar Nygård bak har akkurat røysta.

Foto: Privat

– Eg er veldig spent, vedgår ordførar i Selje, Stein Robert Osdal (KrF).

Laurdag var han på plass på nærbutikken for å ta imot førehandsrøyster. I hans kommune skal innbyggarane ta stilling til om dei skal slå seg saman med Vanylven og Vågsøy eller stå åleine. I tillegg skal dei også ta stilling til kva fylke ein vil høyre til.

– Det er fordi at då vi laga intensjonsavtalen for nokre månader sidan, var dette noko som var uavklart, og som vi ynskjer at innbyggarane skal seie noko om, seier Osdal.

Håpar på godt oppmøte

– Låg oppslutning vil vere vanskeleg for oss å forhalde oss til, seier Kristin Maurstad (Ap), ordførar i Vågsøy.

For måndag skal også innbyggarane i Vågsøy, seie kva dei meiner kommunen skal gjere. Før helga sa ho saman med ordføraren i Selje og Vanylven at dei ynskjer å slå seg saman til ein kommune, som ein kallar Stad kommune.

Ordførar Kristin Maurstad

SPENT: Kristin Maurstad (Ap) er ordførar i Vågsøy

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Signala frå veljarane har ikkje vore så veldig tydlege, så eg er svært spent. Det er også dei som seier dei gjerne skulle hatt eit alternativ sørover med Bremanger og Flora som ikkje er råd å røyste på. Vi har to alternativ og det er ja eller nei til Stad kommune.

Må ha eit klart råd

I Selje er ordføraren klar på kva han ynskjer frå sine innbyggar.

– Eg har sagt fleire gonger at eg forventar større valdeltaking no enn ved kommunevalet, då vi hadde 65 prosent, seier Osdal.

– For det verste som kan skje er vel at folk blir sitjande heime?

– Ja, og då blir eg skuffa. Blir valdeltakinga for låg så får ikkje vi politikarane noko råd vi kan bruke, seier Osdal.