Hopp til innhold

Venstre-ordførar håpar dei snart får tatt ulven som herjar i saueflokkane

Stadig nye ulveobservasjonar gjer at sauebøndene i Fjaler er spente før sauesankinga. – Uhyre viktig at ulven vert felt så raskt som råd, seier ordføraren.

Gunhild Berge Stang

VIL FELLE ULVEN: Gunhild Berge Stang (V) er ordførar i Fjaler

Foto: Josef Tveit / NRK

Seinast laurdag vart det funne eit sauekadaver i Skifjorden i nabokommunen Hyllestad. Statens naturoppsyn har stadfesta at det er ein ulv som har drepe sauen. Det er også gjort ulveobservasjonar på Folkestad og Lone i Fjaler.

– Eg har forstått at det ikkje er lett å skulle jakte på ulv, men eg håpar dei rekk å skyte den før den får gjort meir skade enn den alt har gjort, seier ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang (V).

Likar ikkje situasjonen

Landbruket i kommunen er prega av grovfôrproduksjon og husdyrhald. Stang er uroa med tanke på meldingane om skadar og dyr som er borte som kjem frå nabokommunane.

– Dette er ikkje bra. Fjaler ligg langt utanfor ulvesona. Her skal beitedyr ha prioritet. Difor er det uhyre viktig at eventuelle ulvar i vårt området vert felt så raskt som råd, seier Stang.

Bevegar seg

Leiar i beitelaget i Flekke, Peter Kåre Igelkjøn, har så langt ikkje fått meldingar om skadar frå medlemmene i laget.

– Vi er jo veldig spente på om ulven no kjem til å gå meir i vårt område enn det han har gjort. Tidlegare har han vore sett i øvre Lavikdalen og Hyllestad, men no har det og vore gjort observasjonar også i ytre strok i Fjaler, seier Igelkjøn.

. På Høyanger nordside, der dei alt har henta heim sauene, manglar dei 50 sauer Igelkjøn er smerteleg klar over at for ein ulv er avstanden kort til sauene som framleis går på beite Fjaler.

– No er det berre knapt 14 dagar til vi skal hente dei heim, og då er det store spørsmålet om vi klarar å verne dei etter at vi har fått dei heim, seier Igelkjøn.

Sauer Meråker

PÅ BEITE: Klarar dei SEG fram til sankinga utan å møte på ulven?

Foto: Tariq Alisubh/NRK