- Heilt perfekt for blåseinstrument

HØYANGER (NRK): Karl Seglem var veldig spent på akustikken under årets JuleLutt. I dag fekk han - og 11 andre aristar - svaret under generalprøven til kveldens JuleLutt.

Karl Seglem

STORNØGD: Karl Seglem er stornøgd med akustikken i anodehallen.

Foto: Christian Blom / NRK
Oddleif Løseth
Journalist

– Det var flott. Eigentleg heilt perfekt for blåseinstrument. Med denne besetningen får eg mykje att og med 700 publikumarar i salen, trur eg vi skal løfte taket på ein stillferdig måte, strålar Karl Seglem etter vel gjennomført generalprøve.

Uvanleg råme

Først ut med «Unstopable» på bukkhorn. Så urframføring av stemningsfulle «Balsam» på saxofon.

– Eg er veldig spent på mottakinga hos publikum, legg jazzmusikaren frå Årdal til.

Det er rammer langt utanom det vanlege som ventar dei mange artistane som i dag entrar scena i Høyanger. Hydro har rydda anodehallen, scena er rigga til og stolar ventar på dei 700 publikumarane som har fått billett til den utselde JuleLutt-konserten.

Industriell backstage

Truckar, valseblokker, anodebutts og støypeformer og alt som til dagleg er å finne i hallen, er råma artistane har backstage.

Backstage Julelutt
Foto: Oddleif Løset / NRK

Eva Weel Skram frå Sogndal er saman med bandet sit Eva & the Heartmaker eitt av 11 band på programmet. Det heile blir leia av Finn Tokvam.

– Dette er kult. Vi har spelt i fleire nedlagde fabrikklokale, men aldri i ein fabrikk som framleis er i bruk. Det er ikkje mykje scenografi som skal til for å gjere det stilig her. Det er ganske spektakulært, seier Eva Weel Skram frå Sogndal.

Sogndølen har tidlegare vunne Lutt-prisen to gonger, og har stått på scena under dei fleste Lutt-konsertane sidan 2006.

Urpremiere

Skram har eit tett forhold til Lutt. I 2008 spelte NRK Sogn og Fjordane «Super Hero» - ei låt som eigentleg skulle vrakast.

Då P3 høyrde låta vart det den første av ei rekkje A-lista singlar.

– Så fekk vi plutseleg ein telefon om at dei ville A-liste den. Sidan har vi hatt 13 A-lista singlar, smiler ho.

Med seg til Høyanger har bandet med seg det som truleg kan bli ein ny hit. Låta heiter «Walk away» og blir først utgjeven til våren.

– Vi har spelt den eitt par gonger før, men aldri på noko som skal sendast på TV. Eg er veldig spent på korleis publikum tek i mot den, seier ho.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.