Hopp til innhold

Spent stemning bak sceneteppet

HØYANGER (NRK): Det er ikkje berre lett å halde nervane under kontroll når ein skal ut på scena og spela for fleire hundre publikumarar. Men gleda etterpå er desto større.

Blokkfløyteensemble Rondo

RONDO: Blokkfløyteensembelet Rondo øver ute i gangen før dei skal inn på scena. Frå venstre: Oskar Solheim, Steffen Sjøvold, Tomasz Fojcik og Marius Laukeland.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Eg føler meg ganske nervøs nå, eg stressar veldig.

Tomasz Fojcik (9) sit bak sceneteppet og ventar på å få sleppe til på scena på UKM-festivalen i Høyanger. Saman med Marius Laukeland (12), Oskar Solheim (14) og Steffen Sjøvold (13) skal han framføre «The Raiders March» – musikk som er kjend frå filmane om Indiana Jones. Alle fire spelar blokkfløyte, og med seg på piano har dei Kristina Fransson (17).

Gutane, som går på Førde Kulturskule, fortel at dei har øvd ganske lenge på det dei skal framføre.

– Eg trur vi begynte etter sommarferien. Vi har øvd mykje på dette stykket, seier Tomasz.

UKM Sogn og Fjordane 2017

Uvanleg instrument

Mange har fått kjennskap til blokkfløyta gjennom musikkundervisninga på grunnskulen, men i dei siste åra har dei fleste skulane bytt bort fløyta med andre instrument.

Les også: Blokkfløyte.
Les også: Her har dei bytt ut blokkfløyta med felespeling.

Publikum

FULLT I SALEN: Mange har møtt opp for å få med seg framsyningane under UKM-festivalen i Høyanger.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Men gutane frå Førde går gjerne mot straumen. Oskar Solheim fortel kvifor han begynte å spela blokkfløyte.

– Mamma og pappa ville at eg skulle spela eit instrument. Og nå har eg halde på i åtte år, trur eg.

Marius seier at blokkfløyta hans er litt annleis enn fløytene til dei andre.

– Blokkfløyta mi har litt mørkare lyd. Så eg spelar ofte bassmelodien.

Kristina Fransson er med og akkompagnerer på piano for anledninga.

– Det er veldig kjekt å spela i lag med denne gjengen. Det er fyrste gong vi spelar saman. Vi får sjå, kanskje eg kan vera med og spela med dei ein annan gong òg.

Klare for å bade

Gutane går litt rastlaust fram og attende medan dei småøver på grepa på blokkfløytene. Blokkfløyteensembelet er dei tredje siste som skal på scena, og ventetida blir lang. Men endeleg er det deira tur. Når dei kjem attende etter å ha spela for publikum, pustar Tomasz letta ut.

– Eg synest det gjekk bra, så nå er eg fornøgd.

Gutane er litt usikre på om dei vil satse på musikken i framtida, men dei avviser det ikkje heilt. Dei er iallfall sikre på kva dei skal gjera seinare på kvelden.

– Bade i nattbadet!

Blokkfløyteensemble Rondo

FRAMFØRING: Alt gjekk bra da gutane stod på scena.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim