Hopp til innhold

Spent på kva som kjem i revidert

I føremiddag legg regjeringa fram revidert nasjonalbudsjett. – Det blir avgjerande for kva tenester vi kan tilby neste år, seier ein spent fylkesordførar, Jenny Følling.

Jenny Følling

SPENT: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Spesielt vil fylkesordføraren sjå etter kostnadsvekst for kommune og fylket når statsminister Erna Solberg presenterer dokumentet i føremiddag.

– Kjem det opptrapping av tapskompensasjonen, eller må skje i Stortinget slik det har skjedd dei to siste åra. Det andre er om ein har klart å rydde opp i forhold til ferjenøklane slik at ein fangar opp dei faktiske kostnadane som fylka har med ferjedrifta.

Elles er Følling oppteken av kostnadsveksten; kvar blir den lagt i forhold til den nasjonale økonomien?

– Er noko nedtrekk eller kan vi forvente å få dekka kostnadsveksten som ein har både i kommune og fylkessektor, seier Følling.

Få signal

– Eg har eigentleg fått veldig lite signal. Så eg er veldig spent på kvar ein legg kostnadsveksten for kommune og fylke. Det vert avgjerande for kva tenester vi kan tilby neste år seier Følling.

Følling er og oppteken av om det kjem noko i forhold til utvikling av arbeidsmarknaden, om regjering legg opp til motkonjukturtiltak.

– Vert det sette i verk vegprosjekt, kjem det noko til bygningar, opptrapping av omstillingstiltak på Vestlandet, der vi har fått 20 millionar tidlegare. Vestlandet er hardt råka av olje og gass-krisa. Vert det noko opptrapping der? Det er ting som eg er spent om kan kome.