Hopp til innhold

– Eg har vener som pressar seg hardt, og då kan ein svima av

SOGNDAL (NRK): Denne veka har 60000 studentar sin fyrste dag ved høgskule eller universitet. Nokre er så nervøse og stressa før studiestarten at dei svimer av.

Nora Egeland, student ved Høgskulen på Vestlandet

FLYTTELASS FRÅ STAVANGER: Nora Egeland frå Stavanger har måndag sin fyrste dag som barnevernstudent ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal: – Det kriblar, seier 20-åringen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Nora Egeland har nettopp køyrt åtte timar i bil frå Stavanger til Sogndal for å byrja på barnevernsstudiet ved Høgskulen på Vestlandet. No står 20-åringen på kontoret til studentsamskipnaden for å henta hybelnøklane. Snart er Egeland på sitt eige rom, men det er ikkje lenger heime hjå foreldra:

– Det er fyrst no eg kjenner på at eg skal flytta ut.

Det kriblar litt og ho veit at det blir både kjekt, og utfordrande.

– Eg har vener som pressar seg hardt, og då kan ein svima av, fordi dei søv lite og brukar all vakentida si til å lesa og prestera.

Mange 19- og 20-åringar er nervøse om dagen. For denne veka har om lag 60000 studentar sin fyrste dag ved høgskulane og universiteta i landet. Det viser utrekningar som Norsk senter for forskingsdata (NSD) har gjort for NRK, basert på tal frå dei siste åra.

Svima av

– Studiestarten er spennande, litt for spennande for nokre.

Eit varmt smil – interessert og lyttande – slik har Turid Mølmesdal møtt dei ferske studentane i Sogndal i tretti år. Rådgivaren ved Høgskulen på Vestlandet veit litt om korleis dei har det ved studiestart:

– Mange er veldig spente.

Turid Mølmesdal, Høgskulen på Vestlandet

STOR OVERGANG I LIVET: – For mange er det ein stor overgang å starta på ei utdanning og flytta for seg sjølv. Det er mange roller dei skal vera gode i, seier rådgivar Turid Mølmesdal ved Høgskulen på Vestlandet

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ved høgskulane og universiteta i landet gjer studentfadrar, studentforeiningar, førelesarar, høgskuletilsette og studentsamskipnadane det dei kan for å ta studentane godt imot, og dei aller fleste går det bra med.

Men på opningsdagen i fjor haust opplevde Mølmesdal noko ho ikkje hadde gjort før.

– Nokre studentar svima rett og slett av. Det gjekk fint med dei, og me handterte det godt, men då me snakka med dei etterpå, fortalde dei at dei ikkje hadde ete frukost, drukke litt lite, og at dei var veldige spente.

Forsyningar frå mamma

Mølmesdal er leiar for Karrieresenteret ved høgskulen. Der hjelper dei studentane til å staka ut kursen vidare. Nokre treng råd allereie på opningsdagane.

– Etter å ha vore på orienteringsmøte om kva studiet deira inneheld og kva jobbar dei kan få, blir nokre usikre på om dei har valt feil.

Nora Egeland og Monica Solheimsnes

TEKEN GODT IMOT: Monica Solheimsnes i Studentsamskipnaden på Vestlandet forklarar Nora Egeland kvar i Sogndal den nye studenthybelen hennar ligg.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

På veg ut av studentsamskipnadskontoret har ho har famnen full, av hybelnøklar, informasjon og ei erklæring som skal gi henne billegare parkering. For ute i den raude bilen ligg flyttelasset med saker og ting for ein ny epoke i livet, som middagsforsyningar frå mamma og pappa.

– Eg har fått med meg ei pappøskje med Toro-posar, spagetti, såpe og alt du kan tenkja deg, så dei sa at no får du klara deg iallfall fram til jul, smiler Egeland.