NRK Meny

Spent før møte med Sævik

Hovudtillitsvald Daniel Nedrelid i Fjord1 ser fram til å få møte den nye hovudeigaren, Per Sævik, i morgon, skriv Firdaposten. Etter ein lang periode med uro stemte eit samrøystes fylkesting før helga for å selje Fjord1-aksjane til Sævik og Havila-konsernet. – Vi har eit håp om at vi skal få ein god dialog. Vi kjenner han frå tida som medeigar som ein ryddig person. Det blir ein ny kvardag for både han og oss, med han som hovudaksjonær, så det blir spennande, seier Nedrelid til NRK.no.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.