NRK Meny
Normal

Sp-veteranen er spent på utfallet av leiarstriden i partiet

Måndag skal det endeleg avgjerast kven som skal vere nestleiar i Senterpartiet. Medan leiarstriden uteblir, er kampen om nestleiarvervet stri. Partiveteran Nils Myklebust er spent når delegatane no samlar seg på Lillestrøm.

Måndag skal Sp-striden avgjerast.

AVGJERD: Vil dei andre delegatane på Senterpartiet sitt ekstraordinære landsmøte samle seg om Anne Beate Tvinnereim som nestleiar, slik leiar i Gaular Sp, Steinar Ness og leiar i Vågsøy Sp, Nils Myklebust har gjort? Kampen er tett og blir først avgjort etter valet måndag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Som ein av delegatane frå Sogn og Fjordane Senterparti, er han klar på kven dei vil ha som nestleiar.

– Vi går for fleirtalsinnstillinga frå valkomiteen, med Anne Beathe Tvinnereim i det vervet. Så langt eg har registrert går heile vår delegasjon for dette, seier Nils Myklebust, som også er leiar i Vågsøy Senterparti.

Etter at Liv Signe Navarsete melde frå at ho ville gå av som leiar og kalla inn til ekstraordinært landsmøte for å skape ro i partiet, har det vore alt anna er fredeleg. Det vart raskt klart at Trygve Slagsvold Vedum var einaste leiarkandidat som partiet kan samle seg om, men kven som skal ha dei resterande verva i leiargruppa er det delte meiningar om. Skal Ola Borten Moe få fornya tillit i leiargruppa eller bør Anne Beate Tvinnereim ta over?

Skuldingane har hagla i forkant av måndagens møte. Formelt står striden om to nestleiarverv, men like mykje er det ein kamp om røyndomsskildringar og Navarsete sitt ettermæle.

Myklebust er klar på at det er stor skilnad på dei to kandidatane som valkomiteen har delt innstillinga si mellom.

– Skilnaden går på det å vere lagspelar og ikkje, og kunne halde seg til partiprogrammet. Ein som er i leiarposisjon er bodberar for det laget har bestemt. Der trur vi Anne Beate Tvinnereim er betre enn Ola Borten Moe.

Blir kamp til målstreken

Inne i ein nærast tom landsmøtesal er ein av hovudpersonane, Anne Beate Tvinnereim er sjølv uviss på kva som blir utfallet av valet.

– Eg veit ikkje kva mine vinnarsjansar er. Sannsynlegvis blir det veldig jamt, og det blir nok ikkje klart før røystene er talde opp. Mange bestemmer seg gjerne under debatten, seier ho til NRK.no kvelden før det heile skal avgjerast.

Ein tom landsmøte sal står klar, men måndag blir det kamp om kvar einaste stemme i salen.

KAMP: Kvelden før kvelden står seta tomme, men måndag blir det kamp om stemma til kvar einaste delegat i salen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Uansett utfall er ho klar på ein ting. Partiet må samle troppane og kome seg vidare utan meir bråk.

– Det er den nye leiinga si fordømte plikt å starte med blanke ark og skape arbeidsro. uansett kven som blir valde skal vi klare å samarbeide og bygge partiet sterkare. Mange vil vere skuffa når avgjerda er klar, men vi skal dra lasset saman, seier Tvinnereim.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser