Hopp til innhold

Spenninga er kven som overtek klubba i byråkratkommunen

Olav Lunden har vore ein markant ordførar i Leikanger i 12 år. No slepp han yngre krefter til.

Hermansverk og Olav Lunden

GÅR AV: Olav Lunden (Ap) har vore ordførar i Leikanger i 12 år.

Foto: NRK

Vallogo

Leikanger skal ha ny ordførar etter valet. Olav Lunden (Ap) gjev seg etter 12 år med klubba, og etterfølgjaren i ordførarstolen er ikkje opplagt. Ap har vore største partiet i fylkeshovudstaden ved dei siste vala, men treng støtte frå andre for å få fleirtal for sin kandidat. Venstre hadde ordføraren i Leikanger i to periodar kring tusenårsskiftet. Den som skal prøve å ta over ordførarvervet for Ap etter Lunden er 38 år gamle Jon Håkon Odd. Han er ikkje medlem av kommunestyret i dag, men har leia Leikanger Ap sidan 2011, og er byråkrat i DIFI.

Odd får truleg sterkast konkurranse om ordførarklubba frå Trude Risnes frå Venstre og Ole Simen Nesdal frå Sp. Begge var listetoppar for sine parti også ved sist val, og Nesdal har vore varaordførar siste perioden. Både Risnes og Nesdal er byråkratar. Risnes jobbar ved Distriktssenteret og Nesdal hos Vegvesenet. Høgre i Leikanger satsar ungt denne gongen. Ordførarkandidaten deira er 21 år gamle Vilde Tøfte Øvstetun med politisk erfaring frå Unge Høgre. SV stiller med Jan Sigurd Haugen som stiller på for sin femte periode i kommunestyret.

Kvar bustadfelta skal er dermed eit aktuelt gjengangartema i Leikanger

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Leikanger er som alle andre kommunar i gang med kommunereforma som kommunalministeren har pålagt dei. Storkommune er ingen ny tanke for Leikanger. Tidleg på 200-talet laga dei ei omfattande utgreiing av storkommune av Sogndal og Leikanger. Politikarane vende tommelen ned. Når kommunalministeren no har signalisert at kommunar bør har 15–20 000 innbyggjarar, er Leikanger, Sogndal og Luster ei naturleg eining.

Men når Luster er samstemte imot ei slik løysing, står ein att med berre Leikanger og Sogndal, og vil det vere gjere livet betre for folk i dei to kommunane? Leikanger kan sjølvsagt også sjå vestover til Balestrand og over fjorden mot Vik, men fjordane med ferje gjer kommunikasjonane innanfor ein ny storkommune der Vik og/eller Balestrand er med meir tungvindt enn ønskjeleg er. Det blir spennande kva politikarane i Leikanger konkluderer med i denne saka.

Utbygging av Henjaelvi og Grindselvi har vore på den politiske dagsorden i Leikanger i mange år, og rett før jul i fjor sa NVE ja til planane, men med ei noko mindre utbygging enn Sognekraft og enkelte parti lokalt ønskte. Tilrådinga frå NVE vil gje straum til ca. 8000 husstandar, medan det største alternativet ville gitt straum til ca. 9200 husstandar. Saka er no til endeleg avgjerd i olje- og energidepartementet, og lokale parti har framleis høve til å påverke den avgjerda.

Leikanger er ein kommune med mange offentlege arbeidsplassar, og treng stadig tomter til folk som vil byggje og bu der. Kvar bustadfelta skal er dermed eit aktuelt gjengangartema i Leikanger. Folke ønskjer ofte tomter sentrumsnært, men det kan lett komme i konflikt med ønskje om jordvern.

Symjehallen ved Leikanger ungdomsskule har vore stengd i fleire år på grunn av trongen for renovering. Som mellombels løysing har kommunen kjøpt symjeopplæring i Sogndal og Luster. Samstundes har det vore jobba med planer om å få nytt symjetilbod i eigen kommune. Så langt har det vore utgreiingar av ulike alternativ, og saka har ikkje fått noko løysing. Kommune har ikkje greidd å komme opp med pengar til investeringar og seinare drift av eigen symjehall.