Hopp til innhold

Alle tre vil, men berre éin av dei kan få det til - og svaret får dei i morgon...

Under eitt døgn før fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane skal velje ny leiar, er det uklart kven som vil få flest stemmer når røystene skal teljast opp.

Kristin Maurstad, Solveig Willis, Hilmar Høl

GOD TONE: Desse tre blir etter alt å dømme den nye leiartrioen i Sogn og Fjordane Ap. Kven som blir leiar er enno uvisst. F.v. Kristin Maurstad, Solveig Willis og Hilmar Høl.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Etter den første av to årsmøtedagar på Rica Sunnfjord Hotel i Førde verkar det å vere heilt ope kven som blir ny fylkesleiar i fylkets største politiske parti: Nordfjordingen Kristin Maurstad, sunnfjordingen Solveig Willis eller sogningen Hilmar Høl.

Avtroppande leiar, Nils P. Støyva melde så seint som 27. januar frå om at han ikkje tok attval. Årsaka er at han er tilsett som ny distriktssekretær i LO.

Dei tre kandidatane har alle vore til «jobbintervju» hos nominasjonsnemnda som i sitt framlegg landa på å innstille tidlegare statssekretær Kristin Maurstad som ny fylkesleiar.

Stressar ikkje så veldig

– Eg har ikkje grubla så mykje på det. Eg er innstilt av valnemnda, så får vi sjå om det kjem motforslag, og så får vi sjå kor det endar. Eg stressar ikkje så veldig med det, seier Kristin Maurstad.

– Gir det ei kjensle av tryggleik at du er innstilt?

– Det er klart eg har ein fordel. Men alt kan skje. Det blir spennande, seier Maurstad.

Ho kom direkte frå utlandet i ettermiddag, og har knapt rukke å ta del i det politiske spelet på årsmøtet.

– Eg kom rett frå Austerrike, så eg har ikkje fått vore med på det endå. Vi får sjå kva som skjer, seier Maurstad.

– Eg er motivert til å gjere ein jobb for partiet, og eg ser at eg kan ha noko å bidra med. Nils P. Støyva har gjort ein fantastisk god jobb, og det er store sko å fylle. Men eg trur at eg og dei andre i styret skal klare å ta Arbeidarpartiet vidare, seier Maurstad.

Men kva ho vil ta tak i først, dersom ho vert vald, har ho ikkje lyst til å seie noko om.

– Eg trur eg skal vente til eg eventuelt vert vald før eg skal proklamere noko agenda. Men det er val om eit par år, og det vil vere eit veldig viktig val. Vi mista ein del ordførarar førre gong, og vi er revansjelystne til å ta tilbake nokon av dei, samt at vi veit det er eit potensial, seier Maurstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristin Maurstad

FRÅ VÅGSØY: Kristin Maurstad er av valnemnda innstilt som ny fylkesleiar i Sogn og Fjordane Ap.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Kan skje mykje i gangane

Hilmar Høl frå Årdal er av valnemnda innstilt som ny nestleiar i fylkespartiet, men let ikkje att døra for leiarvervet.

– Det vil vel skje noko i gangane her i løpet av kvelden og i morgon tidleg tippar eg. Eg håpar så klart å bli vald som leiar, seier Høl.

Han understrekar at han ikkje tek rolla som lobbyist.

– Eg er kandidat, så det for andre gjere. Det er folk som jobbar rundt om kring i gangane her og snakkar med folk. Det er tre kandidatar denne gongen, så det er litt vanskelegare balanse no, enn når det berre er ein, seier Høl.

Men det er årsmøtet som kan bestemme, og då kan mykje skje.

– Vi har vel ei viss aning om kven vi har med oss i Sogn, men utover det har vi ikkje så mykje snøring, seier Høl.

– De har tradisjonelt gode vener i store arbeidarlag som Høyanger og Luster. Er dei sikre kort?

– Ja det er nok avklara, seier Høl.

– Kvifor vil du ha dette vervet?

– Eg føler at eg har vore med å bidrege i mange år for Arbeidarpatiet. Eg har vore lokallagsleiar i Årdal i nesten ni år, og har site i styret her sidan 2007. Eg var litt overraska over at Nils (P. Støyva) trekte seg som leiar. Eg har veldig lyst på ei ny utfordring, seier Høl.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hilmar Høl

FRÅ ÅRDAL: Hilmar i Høl sit i dag i fylkesstyret og leiar Hovudutval for næring i fylket. Valnemnda har innstilt han som ny politisk nestleiar i Sogn og Fjordane Ap.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Kan fort bli eit val mellom kyst og innland

Viss han skulle bli valt som leiar, er han klar på kva han vil ta tak i først.

– Næringslivsutviklinga i Sogn og Fjordane er ikkje bra. Det trur eg er det viktigaste. For å få samfunnsutvikling og folk tilbake, så må vi ha eit godt næringsliv. I tillegg blir valet om to år veldig viktig, seier Høl.

– Du kjem frå Indre Sogn, dei to andre frå kysten. Blir dette eit val mellom kyst og innland?

– Det kan ein vel seie at det blir. Men eg for min del er vel like kjend på kysten som eg er i innlands-Sogn og Fjordane. Men det ligg nok litt der, tippar eg, seier Høl.

(Artikkelen held fram under biletet)

Solveig Willis

FRÅ FLORØ: Solveig Willis er i dag nestleiar i Sogn og Fjordane Ap. Valnemnda har innstilt henne som ny organisatorisk nestleiar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Har fleire saker ho vil jobbe fram

Også Solveig Willis frå Florø er klar til kamp. Ho veit at ho har oppslutnad i einskilde kommunar, men er spent på kva som vil skje. Og at aktiviteten blir hektisk i timane fram til valet, er ho viss på.

– Det er ganske vanleg når det skal skje endringar i styret, så det vert nok det i år også, seier Willis.

Ho har site som nestleiar i to år, og har også site i landsstyret, og er klar for nye utfordringar.

– Eg har lyst til å gjere ein jobb for Sogn og Fjordane Arbeidarparti, og er oppteken av at vi har ein del politikk som vi må jobbe meir fram. Det har eg lyst til å bruke tid og energi på, seier Willis.

– Blir det Førde Arbeidarparti som avgjer dette?

– Det vil eg ikkje spekulere i. Eg er ikkje så oppteken av fogderi, men av Sogn og Fjordane. Vi er tre personar som har vore veldig engasjert, og som har lyst til å ta på oss ein jobb, seier Willis.

Ho er klar på kva ho ønskjer å setje på dagsorden dersom ho vert valt.

– Det er mange viktige saker. Eg håpar vi har ein del nye saker som vi kan få jobba fram. Eg er oppteken av meir aktivitet i Sogn og Fjordane, auka verdiskaping og fleire arbeidsplassar, seier Willis.