NRK Meny
Normal

Spennande namn til Sogndal

Sogndal Filmfestival kan skilte med to nye spennande namn som føredragshaldarar på fagdagen 19. mars.

Stein Magne Os

TIL SOGNDAL: Stein Magne Os har kontor på Campus, men vart også også brukt av NRK under OL i London i 2012.

Foto: Pressefoto

Frå tidlegare er det kjendt at NRK-journalist Linda Eide skal fortelja om Norske Attraksjoner og bruk av humor i TV-forteljingar.

No er det klart at også Iram Haq og Stein Magne Os står på gjestelista. I ei bygd som Sogndal er det stikkordet for deira bidrag sjølvsagt ekstremsport.

Topp TV-produsent

Stein Magne Os er TV-produsent/regissør og filmfotograf, og har fått mykje av æra for at særleg Ekstremsportveko på Voss, men også Fjellsportfestivalen i Sogndal, har vore godt plassert i TV-ruta.

Os er eit eksempel på betydninga av det sterke lokale produksjonsmiljøet som har vakse fram på Fosshaugane Campus dei siste åra.

Han har jobba i NRK i ein mannsalder, og hadde nyleg ansvaret for rikskrinkastaren sin produksjon frå alpin-VM i SChladming.

Sport og natur

I føredraget sitt vil Os gje døme på kva som skapar dei gode TV-forteljingane når mennesket utøver sport i møte med naturen. Han vil leggje vekt på Ekstremsportveko på Voss.

Iram Haq

TIL SOGNDAL: Iram Haq.

Foto: Pressefoto

I Haq har filmfestivalen henta inn ein filmregissør med fokus på innvandrarkvinner.

Saman med Solveig Melkeraaen er ho blant dei to første filmregissørane som får tilskot gjennom ordninga «Nye Talent», som er oppretta av Norsk filminstitutt.

Haq har fått midlar til å utvikle manus på spelefilmen «Jeg er din». Filmen handlar om korleis ei andregenerasjons innvandrarkvinne opplever rolla som åleinemor. I føredraget fortel Haq om filprosjektet sit.

Skodespelar

Haq debuterte som regissør med kortfilmen «Skylappjenta», som er ein ny versjon av historia om Rødhette. Filmen har ein tokulturell problematikk, og har vunne internasjonale og nasjonale prisar. «Skylappjenta» vart plukka ut til Sundance film festival 2010. Filmen er også ei biletbok.

Sogn Filmfestival, her representert av festivalsjef Synne Asheim Haga (t.v.) Marianne Bakken (t.h.)

NØGDE: Sogn Filmfestival, her representert av festivalsjef Synne Asheim Haga (t.v.) og Marianne Bakken.

Foto: Sogn Filmfestival

37-åringen er utdanna Art Director på Westerdals reklameskole, og arbeider også som skodespelar. Ho har pakistanske røter, men er fødd og oppvaksen på Stovner i Oslo.

Den første filmen hennar var Trofast. Uten filmrøynsle skreiv Haq manus, var skodespelar, regiassistent og kostymeansvarlig. Filmen vart plukket ut til filmfestivalen i Venezia som eneste norske bidrag.

Nøgd festivalsjef

Med Linda Eide , Iram Haq og Stein Magne Os har festivalen tema med stor spennvidde i ulike medieforteljingar.

Linda Eide

TIL SOGNDAL: Linda Eide.

Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRK

– Vi er veldig nøgde med kvaliteten på foredragshaldarane på Sogndal Filmfestival, seier festivalsjef Synne Asheim Haga og held fram.

– Haq er eit lovande regitalent som tek opp viktige tema for innvandrarkvinner i filmane. Stein Magne Os har internasjonal kompetanse på arbeid med TV-produksjon/regi.

Sogndal Filmfestival har opp gjennom åra også løfta lokale filmskaparar fram som foredragshaldarar.

– Den tradisjonen held vi på, seier Haga, som inntil vidare ikkje vil avsløre noko anna enn at den lokale filmskaparen er eit multimedietalent.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.