Hopp til innhold

Spelte uavgjort mot Brann – har spelt 360 minutt utan baklengsmål

Sogndal og Brann skapte store sjansar i treningskampen på Gran Canaria, men det enda mållaust. Sogndal har no 360 minutt utan baklengsmål i 2017.

Eirik Bakke

GLIS: Eirik Bakke og Sogndal spelte 0–0 mot Brann i treningskampen på Gran Canaria.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

  • Saka vert oppdatert.

Etter ein første omgang der Brann var det beste laget fauk Sogndal ut av startblokkane i andre omgang, og ved to høve hadde dei enorme sjansar til å sikra sigeren. Den første kom frå Ole Amund Sveen, som fekk eit perfekt slått innlegg frå Gilbert Komsoon, men avslutninga gjekk rett i stolpen.

Kampens merkelegaste situasjon og største sjanse kom midtvegs i andre omgang. Sogndal fekk ballen forbi Brann sin keeper og Fredrik Flo trengde berre å trille ballen i det opne målet. Men på uforståeleg vis klarte han å bomme på ballen og Azar Karadas fekk avverja på streken.

– Eg trur at han fekk trøbbel med å få kontroll på ballen, men eg skjønner ikkje korleis han ikkje klarte å sette den ballen i mål, seier Brann-keeper Piotr Leciejewski til Bergens Tidende om sjansen etter kampen. Polakken spelte fleire sesongen i Sogndal før han gjekk til Brann.

Sogndal hadde spelt tre treningskampar denne sesongen før dagens kamp mot Brann, og har vunne alle tre – utan å sleppe inn mål. Dei vann 5–0 mot Florø, medan Florø og eliteseriemotstandar Kristiansund vart slått 2–0.

Fredrik Flo i aksjon for Sogndal

STOR SJANSE: Fredrik Flo fekk ein alle tiders sjanse til å sende Sogndal i leiinga, men bomma på ope mål.

Foto: Rune Fossum / NRK

Heldige før pause

Den første halvdelen av første omgang var jamn, og ingen av laga klarte å skape dei største sjansane. Mot slutten av omgangen tok Brann meir og meir over speler og skapte fleire store sjansar.

Den største vart avverja av Bjørn Inge Utvik i siste liten. Eit frispark frå Brann sin Fredrik Haugen gjekk over alt og alle, men Utvik fekk slengt ut foten og rydda unna på streken.

Vi følgde kampen live her.

Sogndal stilte til kamp med dette laget:

(4-4-2): Mathias Dyngeland – Taijo Teniste, Bjørn Inge Utvik, Per Magnus Steiring, Victor Grodås – Gilbert Komsoon, Eirik Birkelund, Chidiebere Nwakali, Simen Brekkhus – Bendik Bye, Ole Amund Sveen.

På benken:
Kristian Rutlin, Tarjei Omenås, Edin Øy, Tomas Totland, Fredrik Flo, Eirik Skaasheim, Magnus Pedersen, Vegard Leikvoll Moberg, Ulrik Fredriksen, Kristinn Jónsson